Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Svar på NMHs læringsmiljø-undersøking

Skygger av hoppende studenter foran en sittegruppe i flere nivåer, i foajeen på Norges musikkhøgskole
Foto: Charlotte Wiig / NMH

Kjære student. Ta deg tid til å svare på læringsmiljøundersøkinga på Noregs musikkhøgskole og vinn pizzakveld til studentgruppa di!

Ei privat lenke er sendt til NMH-mailboksen din. Undersøkinga handlar om deg og dine meiningar som student hos oss.

Tilbakemeldingane dine er veldig viktig for å sikre eit godt læringsmiljø ved NMH.

Svara dine blir handsama konfidensielt, og det vil ikkje vere mogleg å kjenne igjen enkeltpersonar i den offentlege rapporten.

Undersøkinga tek omlag 15 minutt, og er open 13.–31. mai. Vi oppmodar deg om å svare så ærleg som mogleg.

Ved tekniske problem, ver venleg å ta kontakt med studentinfo@nmh.no.