Med utgangspunkt i normkritiske perspektiv, fortel Zubeida Haji Hassan frå Balansekunst om kva det vil seie å bryte med normer, og om korleis maktforhold, bias og privilegium påverkar både samfunnet som heilskap og musikkfeltet spesielt.
NMH på skrå: Foredrag med Balansekunst
-

Korleis kan vi skape eit tryggare og meir inkluderande musikkliv for alle?
Om Balansekunst
Foreninga Balansekunst er eit samarbeid mellom over 130 norske kunst- og kulturorganisasjonar som jobbar for eit likestilt og mangfaldig kulturliv. Balansekunst samlar verksemder frå heile kunst- og kulturfeltet, og leggjer eit breitt mangfaldsbegreip til grunn for sitt likestillingsarbeid. Foreninga er ein pådrivar for likestilling og mangfald knytta til mellom anna kjønn, kjønnsidentitet- og uttrykk, seksuell orientering, etnisitet, funksjonsevne, alder og klassebakgrunn.
Publisert: 13. sep. 2022 — Oppdatert: 3. nov. 2022