For studenter
No En
Søk

Foredrag med gjestelærer Olga Stezhko

Portrett av Olga Stezhko i turkis kjole.

Den prisvinnande konsertpianisten Olga Stezhko holder holder også et klaverforum for både klaver- og komposisjonstudentar før den audio-visuelle konserten samme kveld.

Bibi Basch

Med utgangspunkt i eit nytt norsk verk for piano og kammerorkester fortel pianist Olga Stezhko om kunstnarlege samarbeidsprosjekt som bidrag til internasjonal solidaritet, innsikt og forståing. På dette foredraget fortel ho mellom anna om samarbeid med komponist Kari Beate Tandberg, som medverkar. Verket hennar har premiere i Stavanger veka før.

Stezhko er sjølv frå Belarus, busett i London, og kan ikkje vende tilbake til sitt eige heimland i fare for å bli arrestert.

Om konserten kl. 19:00

Olga Stezhko presenterer den audio-visuelle konserten «Red, Green, Blue» under besøket sitt som gjestelærar på NMH. På programmet står musikk av nolevande norske og utanlandske komponistar, i tillegg til musikk av Aleksandr Skrjabin. Spektakulære satellittbilete, fotografert med den aller nyaste teknologien, vil følgje framføringa av musikken gjennom konserten. Det blir både uvanlege bilete av jordkloden og kunstnarleg abstraherte bilete, som skaper ein slåande syntese med nøye utvalde verk. Stezhko er kjent for å produsere eksperimentelle interdisiplinære konsertar, motivert av å skape ei sterk oppleving for publikum.

Publisert: 20. jun. 2023 — Oppdatert: 11. sep. 2023