For studenter
No En
Søk

NMH-veka for psykisk helse

-

Tema for verdsdagen for psykisk helse 2021, er «Livet under og etter pandemien: Ver oppmerksam. Ver til stades. Følg opp.» Derfor arrangerer vi aktivitetar nesten kvar dag i ei veke.

Juliana Bragança via/Flickr

Program

  • Fredag 8. oktober kl. 11.00–13.00: Uformelt møte med studentassistentane. Vi serverer kaffi, kakao og kjeks. (Foajeen)
  • Søndag 10. oktober kl. 14.00: Tur til Grefsenkollen med studentassistentane, med noko å bite i (møt opp utanfor NMH. OBS: Meld deg på turen på forskot, på studentassistent@nmh.no).
  • Måndag 11. oktober kl. 9.00–11.00: Te, kaffi, boller og prat med studentassistentane, på veg til undervisninga.
  • Tysdag 12. oktober kl. 8.30–9.15: Oppvarming til øving med fysioterapeut Karen. Det er lov å liste seg både inn og ut om ein kjem litt seint eller har ein annan time. Kle deg i laust tøy (treng ikkje vere treningstøy – så sveitte blir vi ikkje ). Ta gjerne med eiga yogamatte eller handkle. (Bevegelsesrommet)
  • Onsdag 13. oktober kl. 17.30: Running club – lågterskel løpetrening saman med studentassistentane (møt opp utanfor NMH).
  • Torsdag 14. oktober kl. 14.00–14.45: Yoga med Hans Kristian Ven Røstad (Levinsalen)
  • Fredag 15. oktober kl. 9.00–10.00: Frokostseminar med Anne Karin Mullally – samtale om psykisk helse: Kva er normalt og kva bør eg vere oppmerksam på? Vi serverer frokost. (Prismerommet)
  • Fredag 15. oktober kl. 11.00–16.00: Drop-in art room – utforsk andre kunstformer enn musikk saman med medstudentar (03005)

Med atterhald om endringar.

Kontakt