For studenter
No En
Søk

NMH på skrå

-
Hjerte med Pride-farger inni på hvit bakgrunn.

Vi på NMH markerer også skeivt kulturår frå 31. oktober til 4. november. Veka har fått namnet NMH på skrå.

I 2022 er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili. Dette blir markert over heile landet under paraplyen Skeivt kulturår.

NMH på skrå set varme, toleranse, mangfald, medmenneskelegheit og fridom på dagsorden. Veka byr på konsertar, panelsamtalar og sosiale arrangement.

Konsertane vil representere eit spekter av sjangrar, komponistar og utøvarar, som på kvar sin måte og saman speglar vekas tematikk.

At vi kan vere akkurat den vi er, som musikar, kunstnar og menneske, angår alle uansett fil. Set av veka og bli med på eit kunstnarleg, verbalt og tenkande skråplan og feiring av NMH på skrå.

Publisert: 13. jul. 2022 — Oppdatert: 13. jul. 2022