For studenter
No En
Søk

Lindemanprisen 2022 til Håvard Gimse

Portrett av Håvard Gimse i svart-hvitt.
Håvard Gimse får Lindemanprisen 2022. Foto: Knut Utler.

Pianisten og professoren ved Musikkhøgskolen, Håvard Gimse, får Lindemanprisen for 2022. Han valte pianist Emil Duncumb som mottakar av Dei Unges Lindemanpris.

– Håvard Gimse er ein verdig vinnar av Lindemanprisen. Han står i ei særstilling blant norske musikarar og er ein av dei aller fremste pianistane vi har, heiter det i grunngjevinga for tildelinga. Prisen er på 150.000 kroner og er ein av Norges mest prestisjefylte musikkprisar.

– Ei stor og gledeleg overrasking, og ein skikkeleg opptur.

Håvard Gimse om tildelinga
Portrett halvnært av Gåvard Gimse med oransje bakgrunn

Kjærleik for skandinavisk musikk

– Prisvinnaren si kjærleik for skandinavisk og norsk klassisk musikk har gjort han til ein av dei artistane med mest innverknad på denne arenaen, seier styreleiar i Lindemans Legat, Einar Solbu.

Håvard Gimse har sidan 1992 gitt ut ei lang rekke innspelingar. Blant anna Geirr Tveitts klaververk, og musikk av komponistar som Klaus Egge, Thomas Tellefsen, David Monrad Johansen, Johan Kvandal, Harald Sæverud, Ole Bull, i tillegg til Edvard Grieg og ei lang rekke europeiske komponistar.

Ettertrakta

Han er ettertrakta både som solist og som kammermusikar, i tillegg til at fleire av Skandinavias beste klassiske artistar føretrekk han som akkompagnatør.

Håvard Gimse er professor ved Norges musikkhøgskole og kunstnarleg leiar for Oslo Kammermusikkfestival. Han har ein stor internasjonal karriere, med omfattande turnèar i Skandinavia. Han har spelt med mange orkester verda over, og har gitt konsertar på mange av verdas mest prestisjetunge konsertscener, inkludert Wigmore Hall, Carnegie Hall (New York), Palais des Beaux Arts (Brüssel), og Concertgebouw (Amsterdam).

Av kammermusikk kan nemne samspelet med Truls Mørk i ei årrekke, med fleire turnèar mellom anna til USA, Japan og Italia. Dessutan konsertar i Berlin Konzerthaus og Carnegie Hall med Tine Thing Helseth, Beethovenhaus Bonn med Alina Pogostkina og Wigmore Hall med Marianne Thorsen.

Nærbilde av Emil Duncumb foran en sti med gress rundt
Emil Duncumb får Dei unges Lindemanpris 2022. foto: Knut Utler

Dei Unges Lindemanpris til Emil Duncumb

Pianisten Emil Duncumb får Dei Unges Lindemanpris for 2022. Prisen er på 50.000 kroner.

Mottakaren av Lindemanprisen avgjer kven som skal få Dei Unges pris, og valet til Håvard Gimse blei altså Emil Duncumb.

– For meg var det eit poeng å velje ein usedvanleg talentfull person som elles ikkje mottek masse merksemd og prisar i aust og vest, og som ein kanskje lettast får auge på frå innsida av musikklivet. Da kan eg ikkje tenkje meg ein betre kandidat enn pianisten, arrangøren og hammerflygel/fortepiano-utøvaren Emil Duncumb, skriv Gimse i si grunngjeving for pristildelinga.

– For meg var det eit poeng å velje ein usedvanleg talentfull person som elles ikkje mottek masse merksemd og prisar i aust og vest

Håvard Gimse om Emil Duncumb

Utmerka seg som uvanleg kreativ

Duncumb, som er fødd i 1990, var masterstudent hos Gimse ved NMH for nokre år sidan, og utmerka seg raskt som ein uvanleg kreativ pianist. Etter NMH kom han inn Julliard School i New York, kanskje verdas mest prestisjefylte musikkhøgskole, men flytta i staden til London, der han likte seg betre. 

I tillegg til klaver satsa Duncumb etter kvart på ulike originalinstrumentar av klaver og på tidlegmusikk. Han er ein av få norske utøvarar med prisar i fortepiano-konkurransar internasjonalt. 

Sammen med bror sin, Jadran på lutt og gitar, har Emil med stort hell arrangert mykje musikk for andre ensembletypar enn kva musikken opprinneleg er skriven for, og stadig fleire i musikklivet har blitt merksam på Emils uvanlege talentar. 

Emil Duncumb er òg med i ensemblet «Pocket sinfonia» som har spesialisert seg på å framføre store verk i små format og som passar eit praktisk musikkliv. – I denne samanhengen er Duncumb sentral, og hans tolkingar er kreative og utradisjonelle, meiner Håvard Gimse.

Artikler relevante