Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Løyser opp i flokane

Bendik Giske er attende på NMH for å løyse opp i nokre flokar. Kanskje skal han krangle litt også.

Er dette din måte å finne den skeive jazzen?

– Det kan ein på ein måte seie, men når ein formulerer det på den måten, så gjer ein skeivheit til resultatet. Til eit endepunkt. Det er det ikkje for meg. Det er eit utgangspunkt, seier Bendik Giske.

– Så eg finn ikkje den skeive jazzen, eg finn ein uttrykksform som eit resultat av at eg har eit skeivt utgangspunkt.

Saksofonisten er attende på Noregs musikkhøgskole som doktorgradsstipendiat, og arbeider for tida med prosjektet «Subversive Disentanglements» – eit prosjekt som bygger på at skeivheit er eit lite utforska utgangspunkt i jazz, samanlikna med dei fleste andre sjangrar.

– I ny musikk har du Pauline Oliveros og John Cage – veldig berømte karakterar som òg har vore del av ei sosial frigjering. Dei har tematisert skeivheit gjennom arbeidet sitt.

Eg finn ikkje den skeive jazzen, eg finn ein uttrykksform som eit resultat av at eg har eit skeivt utgangspunkt.

Bendik Giske, NMH-stipendiat og saksofonist

Giske dreg fram Merce Cunningham i dansen, Boy George i populærkulturen. Skeivheit i balletten, musikkteateret, litteraturen. Ein finn skeive utgangspunkt over heile kulturfjøla.

– Og så kan eg kome på eitt område der skeivheit ikkje har vore tematisert i det heile teke – og det er jazz.

At skeivheit ikkje har vore sterkare tematisert i akkurat jazzen, er noko å undre seg over, meiner Giske.

– Jazzen har ei såpass sterk tilhøyrsle til sosiale kampar. Særleg borgarrettsrørsla, som har gått parallelt med utviklinga til jazzen heile vegen.

Nedanfrå og opp

Giske har bachelorgrad frå jazzlinja i Trondheim, og mastergrad frå NMH. Da han skulle ta fatt på tredve-åra etter enda utdanning, tenkte han: «kva skal eg bruke all denne kunnskapen til?»

– Det som var ganske tydeleg for meg da, var at her er det eit slags vasstett skott mellom yrkeslivet mitt, som jo var kulturorientert, og kulturen eg oppsøkte som privatperson.

Det oppstod eit ynskje om å skape ein heilskap mellom dei to, fortel han.

– Korleis kan eg snakke til både den kulturverda som opptek meg, og den kulturverda som har løfta meg fram? Med alle ressursar eg har fått av ildsjeler, professorar, tenkarar, og folk som har trudd på meg? Korleis kan eg ta med meg den ressursen og bruke det til eitkvart som eg er oppteken av?

Bendik Hvamen Giske: Subversive Disentanglements

En studie av utviklingen av jazz som både evig og i opposisjon til fortiden, og som en sonisk konsekvens av frigjørende praksiser.

Les meir om prosjektet

Giske følte at han ikkje var i nokon maktposisjon oppi dette her – han kom frå undersida, og kjende at han måtte finne vegen frå grunnen, og oppover.

– Eg var ikkje i ein posisjon der eg kunne definere eitkvart ovanfrå og ned.

Derav tittelordet «subversion». Og kva med «disentanglements»?

Som kulturarbeidar er ein fletta inn i ulike strukturar, meiner Giske. Mellom anna gjennom løyvande strukturar som kulturstønad, scener ein speler på og musikalske uttrykk.

– I ytste konsekvens, til og med instrumentteknikken min! Da eg tok til med å stille spørjeteikn ved dette, så byrja eg å tenkje at, «herregud, dette er jo eit streit uttrykk».

Så dersom Giske skulle definere eit uttrykk som ikkje er streit, korleis skulle det da sjå ut? Det er dette han har brukt store delar av karrieren sin på å prøve å finne ut av.

– Det er greitt nok å sjå seg attende, men i dette prosjektet ser eg framover. I «Subversive Disentanglements» ligg det ein subversiv mentalitet som ein prøver å disentangle.

– No har eg jo studentar her og der som prøver å finne ut av korleis eg har gjort ting, og det er jo heilt uavhengig av legning. Da blir jo ikkje legning interessant. Men det med å tematisere skeivheit, er på overtid.

Bendik Giske NMH-stipendiat og saksofonist

Som ei floke ein skal løsne opp i, vil Giske plukke desse strukturane frå kvarandre – ein og ein del av gongen. Etter kvart vil ein klare å skilje ting frå kvarandre, og sjå tydelegare kva som er kva.

– Når eg ser meg attende, ser eg min eigen personlege motivasjon for å gjere dette. Men når eg ser framover, ser eg jo at dette er ein måte å oppsøke kunnskap, skape kunnskap og stille spørjeteikn ved kva som definerer ein musikalsk praksis, ein sound, og instrumentteknikken som ligg til grunn.

Om det er skeivt eller ikkje da, blir heilt irrelevant, meiner Giske.

– No har eg jo studentar her og der som prøver å finne ut av korleis eg har gjort ting, og det er jo heilt uavhengig av legning. Da blir jo ikkje legning interessant. Men det med å tematisere skeivheit, er på overtid. Og eg tykkjer einkvan bør gjere det, og eg tykkjer at eg allereie er godt i gang.

Oslo, Berlin

Bendik Giske kjem frå Oslo. Det er her han har basen sin, men han har òg i løpet av dei ti siste åra etablert ein base i Berlin i tillegg.

– Eg trur mitt prosjekt var avhengig av eit miljø som eg ikkje fant heilt her i Oslo.

Kva type miljø følte du at du var avhengig av?

– Det er jo eit definisjonsspørsmål, men eg kan seie at det er eit internasjonalt eksperimentelt miljø, som arbeider med idear som handlar om sosiale spørsmål som resonnerer veldig med meg. Og eg seier ikkje at det ikkje eksisterer i Oslo, eg prøver ikkje å disse Oslo – det er berre at miljøet og fagfeltet er større andre stader.

Han fortel at han fann ein heilt annan resonans for musikken han lagar, som er innanfor feltet «experimental electronic music», i Berlin enn i Oslo. Likevel legg han til at trass i at han legg bak seg eit heftig turné-år no, med mange konsertar, så er det berre éin eller to av dei som har vore i Tyskland.

– Så eg opererer liksom internasjonalt – ikkje Tyskland-spesifikt.

Tidlegare i år vart Giske kåra til årets artist under Tysklands nasjonale jazzpris – ganske enkelt kalla German Jazz Prize.

– Eg har blitt litt involvert i tysk kulturpolitikk gjennom det.

I takketala si, nytta han nemleg høvet til å kommentere på det som foregår på Gazastripen. Han innleia med at musikk, og spesielt jazz, ikkje spring ut frå eit vakuum – og avslutta med å appellere, «befri gislene, befri Gaza».

– Dette var jo ein jazzpris, og jazz kom ut av ei historie om liding og sosial oppvakning i USA. Det kjem ut av ein civil rights movement, der det er ein opposisjon til det etablerte. Det er fullt av sosiale kampar, som er årsaken til at jazz eksisterer i det heile teke.

– Når kvite tyskarar står og feirar sin eigen jazzpris samstundes som noko så kontroversielt som eit blodbad foregår i Midtausten, og det er ein invasjon av Ukraina – kvifor blir ikkje noko av det nemnt her?

Jazz kom ut av ei historie om liding og sosial oppvakning i USA. Det kjem ut av ein civil rights movement, der det er ein opposisjon til det etablerte. Det er fullt av sosiale kampar, som er årsaken til at jazz eksisterer i det heile teke.

Bendik Giske NMH-stipendiat og saksofonist

Ettersom årets artist vart kåra heilt til slutt, visste Giske at dette ikkje hadde vorte teke opp i løpet av heile utdelinga. Dermed tenkte han at han like gjerne kunne vere litt kranglete på slutten.

– Eg prøvde å få ein balansert, men bestemt appell til at vi som pådrivarar i jazzmiljøet har ansvar for at jazz ikkje blir ein slags støvete museumsgjenstand, men held fram med å vere ein arena for protest, seier Giske.

Han fortel at det er noko heilt anna å prate om Gaza i Tyskland enn kva det er i Noreg. At han er pro-Palestina, har gjort at han har blitt stempla som antisemitt der.

– Eg trur det er viktig for nordmenn flest, når ein er på utanlandsreise, å ta innover seg at det som på ein måte er gjengs i norsk offentleg samtale, blir oppfatta som veldig antisemittisk i det meste av Europa.

Giske har vorte åtvara av fleire kollegaar, med beskjed om at han tek ein stor risiko ved å sende dei signala han gjer.

– Da har eg kunna svare at den risikoen har vore relativt liten for meg, all den tid eg er stipendiat ved NMH, all den tid eg er norsk og all den tid eg har ein god forbindelse til norsk kulturliv. Så dersom einkvan skal ta ein slik risiko, så må det vere meg.

Kva reaksjonar fekk du på det du sa i takketala di?

– Det var veldig rart, for dei som unngår deg, merkar du ikkje. Det går an å sjå ein kald skulder – men eg var ikkje så oppteken av kalde skuldrer. Eg hadde jo akkurat fått ein pris! Men eg merka meg nok at dei nasjonale media ikkje ville prate med meg, fortel han.

Likevel opplevde han òg å få støtte for uttalene sine. Mellom anna var det fleire israelarar som kom bort og takka han for at han hadde teke ordet og snakka om det.

– Det var også fleire ikkje-israelarar som påpeika det: at om vi ikkje berre skal vera gratispassasjerer på lidinga til svarte menneske, så må vi jo bruke sjangeren til å gå vidare på ein eller annan måte – til å ha ei slags meiningsutveksling som kanskje slår litt gnistar av og til.

... men er det jazz?

Det er ei interessant tid vi lever i, meiner Bendik Giske.

Medan han for 20 år sidan kunne plukke musikken til heltane sine og transkribere dei, utan at dei nokon gong fekk vite noko om det, er det no folk som gjer det same med musikken hans.

– Og dei kan tagge meg på Instagram! Så eg veit godt at dei gjer det.

Kven er din helt, da?

– Eg har hatt masse heltar. No er vel spørsmålet kven som er min saksofonhelt, og da må eg svare enkelt. Det er sjølvsagt Jan Garbarek.

Han var ni år gammal og budde på Bali da han oppdaga Garbarek. Faren hans hadde gjeve han ein av kassettane hans, som blei lytta til kvar dag i bilen til og frå skulen.

Eg tykkjer eg kan kome farleg nær å diskreditere praksisen til andre. Men det er jo berre fordi eg ynskjer å krangle om kva som er jazz. Eg tykkjer det er kranglinga som er jazz.

Bendik Giske NMH-stipendiat og saksofonist

Giske peiker på bautaen som ei kjelde til det store spørsmålet i jazzen – nemleg: «Men er det jazz?»

– Det var den store joken på 2000-talet, fordi vi tykte det var eit så tåpeleg spørsmål. For kva er det eigentleg som er jazz, spør Giske.

– Nokon meiner at det er Fly Me to the Moon og alle dei der standardane, og andre meiner at jazz er fridom, og å kjempe for rettferd. Alle har ulike deklarasjonar om kva det er.

– Etter Jan Garbarek laga bestillingsverket til Moldejazz i 1991, og det i mange sine øyrer definitivt ikkje var jazz, så har han vorte ein av mine store heltar.

Sjølv vil Giske definere jazz som ein slags marsjordre. Ei oppmoding til å definere eitkvart som er i ferd med å bli rigid. Ei moglegheit, men òg ei plikt, til å omdefinere, og truleg få nokre fiendar på vegen.

– Men da meiner eg ikkje erkefiendar. Da meiner eg diskursive fiendar – folk ein kan spenne litt imot.

– Slike har eg alltid hatt, og eg tykkjer eg kan kome farleg nær å diskreditere praksisen til andre. Men det er jo berre fordi eg ynskjer å krangle om kva som er jazz. Eg tykkjer det er kranglinga som er jazz.

Artikler relevante