Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

NMH stadig på topp 10

Klarinettist går spillende i en folkemengde, svarthvittbilde.
Frå oppstart 2022: Dei nye studentane speler i Majorstukrysset.

Noregs musikkhøgskole havnar på 9. plass i årets QS ranking, og beheld plassen som den beste utøvande kunstutdanninga i Norden.

Årets QS Ranking in Performing Arts kom ut 23. mars. Akkurat som dei siste åra, er NMH framleis den einaste nordiske skolen på topp 10 – Det kongelige danske musikkonservatorium ligg rett bak på ein 14. plass, med same plassering som i fjor.

Plasseringa held seg

Det er berre nokre år sidan Norges musikkhøgskole var langt nede på 30-talet. I 2021 hoppa vi 21 plassar, og det ser ut til at den høge plasseringa held seg. For internasjonale studentar kan QS-rankinga vere ein god målestokk når dei samanliknar skolar og vel kor dei skal søkje.

Det er alle sin innsats til saman som gir oss det gode internasjonale omdømet.

Astrid Kvalbein, rektor
Astrid Kvalbein med alpelue foran brune blader med snø på.

Motiverande

– Ein kan alltid stille spørsmål ved slike rangeringar, men det er gledeleg å sjå at NMH held på den høge plasseringa år etter år, seier rektor Astrid Kvalbein. – Det gir motivasjon til å fortsetje arbeidet med å halde kvaliteten oppe framover, for meg og fleire av kollegaene og studentane, håpar eg. Det er alle sin innsats til saman som gir oss det gode internasjonale omdømet.

Små endringar i toppen

Også i år er det Royal College of Music i London som stikk av med 1. plassen. På dei neste to plassane finn du Conservatoire national supérieur de musique et de danse de Paris og Royal Academy of Music, også i London.

Fjorårets 2. og 3. plass, Universität für Musik und darstellende Kunst Wien og The Juilliard School fell til 4. og 5. Norges musikkhøgskole låg på 8. plass i 2022.

Kva er QS ranking?

Kvart år undersøkjer QS World University Rankings verdas universitet og høgskolar og gir poeng – som ein Michelin-guide universitet. HES – QS World University Rankings er ein årleg rangering som blir publisert av Times Higher Education og Quacquarelli Symonds, gitt ut sidan 2004. Blant kriteria som ligg til grunn, veg fagfellevurdering tyngst, og det er leiarar ved universitet og i kultursektoren som svarar på undersøkinga.

Artikler relevante