Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Takk, Majorstuen!

Gruppebilde av Majorstuen (band) som sitter ved et bord i finstasen og skåler

– Tenk at eg har fått lov til å ta del i Majorstuen si lange og rike historie, skriv Bjørn Kåre Odde om kor viktig rolle gruppa kom til å spele i hans utvikling som musikar.

Det var milleniumsåret 2000. I ein alder av ti var den gryande interessa for fele og musikk snart gått over til å bli ein lidenskap for meg.

Springleik og reinlender stod i høgsetet, og bestefar var det store idolet og idealet. Lom spelmannslag var favorittmusikken.

Samstundes, 35 mil sør-aust for heimstaden Garmo, forma det seg eit anna spelmannslag som etter kvart skulle ta namnet Majorstuen.

Denne gruppa spelte også springleik og reinlender, men rammene var likevel veldig forskjellig frå dei som Lom spelmannslag hadde.

Kva var den store fela på høgkant som ho blonde spelte? Kvifor er det ikkje alle som spelar same melodi? Er det difor det læt så fyldig?

Dette nye spelmannslaget gjekk litt over hovudet på meg.

Det var framleis det unisone, kanskje med ei enkel andrestemme eller sekundering, som eg hadde interesse for.

Det var nok ikkje før eg sjølv starta på skulen som ligg på nettopp Majorstuen – Noregs musikkhøgskule – at eg oppdaga kva gruppa med same namn eigentleg var og stod for.

Eg trur det var utgjevinga «Skir» som tende ein gnist i meg.

Låtar som «Trondheimsfjorden» og «Anders og Estin» fekk meg til å ville forstå kva dei gjer arrangementsteknisk for å skape det store og klangfulle lydbiletet.

Åååå, hadde eg sjølv fått høve til å spele saman med nokon på den måten...

Dei fire åra på Noregs musikkhøgskule kom og gjekk, og eg kunne vere stolt av resultata eg oppnådde ved å vere ein flink og pliktoppfyllande student.

Men kor gjekk vegen vidare? Korleis skulle eg kunne leve av å spele fele?

Eg gjorde som mange andre ville ha gjort – eg starta på ein pedagogisk utdanning. Fast arbeid var vel motivasjonen, sjølv om noko anna drog i meg.

Bjørn Kåre Odde med fiolin foran skogsvei
Bjørn Kåre Odde. Foto: Ingvild Skeie Ljones.

Eg trur eg sat på eit øvingsrom på skulen seinsommaren 2013 då felespelar i Majorstuen Jorun Marie Kvernberg ringte.

Eg var «starstruck»!

Eg tok telefonen med ærefrykt, og to månader seinare var eg i den nord-russiske byen Murmansk saman med sjølvaste Majorstuen.

Eg var vikar for Synnøve Bjørset. I forkant hadde eg øvd som ein gal.

Eg trur jaggu eg kunne låtane og arrangementa betre ein nokon annan i gruppa – så ivrig var eg.

I Murmansk spelte vi for ein fullsatt konsertsal kor Murmansk Filharmoniske Orkester til vanleg hadde tilhald. Eg skreiv for fyrste gong i mitt liv autografar.

Herregud, Majorstuen er jo meir populære i utlandet enn i Noreg, tenkte eg.

Respekten for denne gruppa auka betrakteleg. Det dei har fått til sidan starten i 2000 var rett og slett beundringsverdig.

I 2015 vart eg fast medlem i Majorstuen, og sidan då har eg vore med på to plateutgjevingar – «Skrible» og no «Jubel».

Tenk at eg har fått lov til å ta del i Majorstuen si lange og rike historie.

Eg må særleg trekke fram dei tre som har vore med heilt sidan starten i 2000: Jorun Marie Kvernberg, Synnøve Bjørset og Tove Hagen.

For nokon sterke personlegheitar og dyktige musikarar på kvar sin måte.

No har vi lansert Majorstuen sin aller siste produksjon, «Jubel».

Samstundes tenker eg på den ti år gamle meg som hadde så genuin interesse for folkemusikk, intetanande om kva framtida ville bringe – og kor viktig rolle Majorstuen kom til å spele i mi utvikling som felespelar og musikar.

Saka blei først publisert i Fjuken 26. april.

Artikler relevante