Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Tok ansvar for å nå ut

Tre personer snakker sammen under paneldebatt
F.v.: Sofie Tollefsbøl, Erle Strøm og Asta Busingye Lydersen.

Onsdag 21. juni arrangerte NMH og Tankesmia KRAFT debatten «Ta ansvar for å nå ut!» under Kulturytring i Drammen.

Opningsinnlegget blei halde av forskar Vilde Ellingsberg; stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap på Universitetet i Bergen.

Saman med kollega Leif Ove Larsen arbeider ho med eit prosjekt som undersøker den såkalla usynlegheitskrisa i norsk kulturjournalistikk. Altså kor lite synleg kulturjournalistikken er, og kva det har å seie for demokratiet.

Perioden som vert analysert er utvalde veker i 2008–2023. Resultata er ikkje offentlege enno, og det er framleis noko usikkerheit knytt til tala.

Men Ellingsberg kunne likevel gi panel og publikum ei orientering om korleis det står til og kva resultata foreløpig seier.

forefragsholder står og snakker i mikrofon, med en presentasjon med tekst i pakgrunnen
Forskar og stipendiat Vilde Ellingsberg.

Nye tider

Mellom anna kunne ho fortelje at det blei publisert halvparten så mange kultursaker i norske aviser i 2022 som i 2008. Talet på aviser som har eigen kulturredaksjon blir lågare og lågare, og anmeldingar og kommentarar blir nedprioriterte til fordel for andre nyhende.

– Det er eitt unntak, og det er Klassekampen. Det er den einaste avisa som sidan 2008 har auka talet på kultursaker, seier Ellingsberg.

I materialet frå 2008 tel forskarane 60–80 kommentarar i ei vanleg veke, i 2022 er det 10–15. Det vil seie at ein går vekk frå meiningsytringar som kan skapa debatt om kulturstoff, og heller vektlegg korte nyhendesaker og reportasjar, forklarer Ellingsberg.

– Det gjer at meiningsdanning og meiningsjournalistikk knytt til kulturfeltet blir kraftig redusert, seier ho.

Taparane i materialet til forskarane er kunst, teater, scenekunst og (i hermeteikn) «høgkulturell musikk» som klassisk og jazz. Vinnarane er litteratur, film og tv, underhaldnings- og kjendisstoff. Pluss ein del populærmusikk som rock og pop.

– Eit eksempel er Dagbladet, som har vore ei stor kulturavis i mange år. I ei vanleg veke i 2008 publiserte Dagbladet 130 saker. I ei vanleg veke i 2022 publiserte dei 39 saker. Det same gjeld mindre aviser som Bergens Tidende, der tala er 30 i 2022 mot 116 i 2008.

Kvinne står på scene med talekort i hånden, og peker ut med den andre armen
Moderator Asta Busingye Lydersen.

Kvifor er det slik?

Ellingsberg trekk fram fleire grunnar til at dette skjer.

For det første ser ein at ressursane til kulturjournalistikken blir kutta. Stoffet er ikkje salbart når ein ser på kor mange klikk sakene får. Både talet på redaksjonar og talet på folk i redaksjonane har blitt redusert.

Forskarane ser dessutan at feltet er gjenstand for ei «journalistifisering». Det betyr at dei som skal dekke kulturfeltet i aukande grad er journalistutdanna, framfor å ha djupare kunnskap om enkelte tema.

– Vi ser at dei går frå å vere litteraturvitarar, filmvitarar og så vidare, til å vere journalistar med ei interesse for kultur. Formidling er viktigare enn kunnskap, forklarer Ellingsberg.

Eksempel på det kan vere at ein heller prioriterer å få inn ein ekspert til ei spesiell anledning, enn å ha ein ekspert som programleiar.

Strategiane til mediehusa har òg endra seg. Før var det ei sjølvfølge å få pengar til ein sjølvstendig kulturseksjon. No er det meir ein kamp med andre delar av journalistikken.

tre personer står ved hvert sitt bord på en scene under paneldebatt
F.v.: Elisabet Davidsen (redaksjonssjef i kulturavdelinga i NRK), Sofie Tollefsbøl (musikar og frontfigur i Fieh), Erle Strøm (marknadssjef i HES).

Den tunge tida

Første panel diskuterte kva som eigentleg skal til for å nå ut i media.

Deltakarar var Erle Strøm (marknadssjef i HES), Sofie Tollefsbøl (musikar og frontfigur i Fieh), og Elisabet Davidsen (redaksjonssjef i kulturavdelinga i NRK).

Tollefsbøl fortalde at ho opplever at premisset for å få kome på store talkshow som Lindmo er at ein har ei tung, personleg historie å fortelje. Det meiner ho er problematisk.

– Det hadde vært fint å få vere på Lindmo av andre grunnar enn at ein har psykiske problem eller at noko trist har skjedd. Eg trur ein kunne snakka om musikk på ein interessant måte utan at premisset for å få kome var noko som er heilt irrelevant. Det kjennes litt kjipt at musikken vi lagar ikkje er interessant nok i seg sjølv, sa ho frå scena i Drammen.

Neste panel diskuterte kva som skal til for å nå fram politisk.

Her var deltakarane Solveig Slettahjell (musikar og initiativtakar til Tankesmia KRAFT), Torbjørn Urfjell (direktør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet, tidlegare politikar i SV), og Emma Lind (bransjeleiar for kreativ næring i Virke, tidlegare Statssekretær i KUD frå Venstre).

Slettahjell fortel at det er nettopp dette som er grunnlaget for Tankesmia KRAFT.

– Eg trur ikkje vi kan nok om politiske prosessar. Og eg trur vi er for mange, for smale mandat til at vi greier å få ein posisjon. Då blir det ein kakafoni, i staden for at ein samlar kunnskapen frå heile feltet og gjer kommunikasjonsarbeid på det grunnlaget, sa Slettahjell.

Linde var einig. Sjølv om ho vil vere forsiktig med å seie at alle skal samle seg under ein bodskap.

– Men ein burde klare å spisse bodskapen sin. Og kanskje ikkje vere så oppteke av kva problemstillinga er, men kva som er løysinga. Det er jo det mange politikarar vil ha informasjon om, sa Lind.

Kvinne står ved bord med mikrofon og lytter under paneldebatt
Solveig Slettahjell, musikar og initiativtakar til Tankesmia KRAFT

Må bli betre på å nå ut

Til slutt oppsummerte NMH-rektor Astrid Kvalbein det ho hadde sett og høyrd gjennom den siste timen. Ho kjente seg igjen i fleire sider av saken.

– Då eg var ferdig på Musikkhøgskolen kunne eg leve av å anmelde klassisk musikk i VG. Det var situasjonen. Så har eg jo vore med på den reisa som Ellingsberg forklarer, der dekninga av kulturstoff går ned, sa Kvalbein.

Parallelt med dette, forklarte ho, vart det i utdanningssektoren innført ei kvalitetsreform.

– Om ein skal sette det heilt på spissen, så blei forskarane premiert for å publisere internasjonalt, i smale tidsskrift, for å imponere sine eigne kollegaer. Formidling var i ein lang periode utruleg dårleg premiert. Det trur eg har gjort at vi har stanga hovudet litt i veggen no i vår.

Rektoren blei utfordra på kvifor meir samfunnskontakt og fleire tydelege ytringar frå leiarane i utdanningssektoren er viktig.

Heilt konkret trakk ho fram innføringa av studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EU og EØS. Det blir drygt 300 000 kr. i året for kvar student.

– For kunsten slår dette heilt feil ut. Om fem år utdannar vi kanskje berre fem prosent av dei vi vanlegvis ville utdanna frå desse områda. Det er veldig alvorleg, og det forandrar heilt på kven me rekrutterer inn, sa Kvalbein frå scena i Drammen.

Ho fortalde at Musikkhøgskolen og andre kunstutdanningar har prøvd å nå fram med sine innspel og kronikkar, men at det berre er nokre få blant media som har vore interessert.

– Ikkje NRK, ikkje Aftenposten, ikkje Bergens Tidende, ikkje kommentatorane i nokre av dei store avisene. Og det er der eg lurer på om den sektoren eg jobbar i har gjort oss litt dårlege på å vere ute i media, og betre på å vere i våre eigne fora.

Sjå opptak av arrangementet

Tre kvinner står sammen, den midterste snakker mens de andre lytter.
NMH-rektor Astrid Kvalbein avslutta med ei kraftsalve om kor alvorleg det er at studieavgifta no blir innført.