Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Konsertforedrag med Susanne Lundeng

-
Susanne Lundeng står på en brygge og spiller fele.

Konsertforedraget er ein del av prosjektveka med innføringskurs i norsk folkemusikk for alle bachelorstudentane på NMH.

Guri Dahl

Sist Susanne Lundeng vitja NMH var i 2022. Ho vil fortelje om seg sjølv og utgangspunkt for virket sitt – eit spenn mellom tradisjon og eigne komposisjonar. Lundeng vil og snakke om og demonstrere korleis ho tenkjer nykomposisjonar ut ifrå tradisjon.

Susanne Lundeng er felespelar, folkemusikar og komponist, og er rekna som ein av nordnorsk folkemusikk sine fremste tradisjonsberarar. Med si frisinna og ukonvensjonelle blanding av tradisjonell folkemusikk og moderne samtidsuttrykk, skaper ho ein heilt eigen, personleg og karakteristisk sound med fiolinen. Musikken er prega av den nordnorske naturen og kulturen ho har vakse opp i, men også av ei kunstnarleg vilje og særeigen skaparkraft som spring ut frå ho sjølv. Les meir på Susanne Lundengs heimeside.

Kontaktperson

Publisert: 28. jan. 2025 — Oppdatert: 14. feb. 2025