Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Virvelrommet

-

Samtale i Virvelrommet, for alle tilsette og studentar: Kva skjer med TONO-pengane framover? Virvelrommet er ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid.

Du er velkommen til å opphalde deg i Virvelrommet i heile opningstida. I laupet av timene vil det føregå eit program av små og store konsertar, opne gruppesamtaler, diskusjonar og ulike typar installasjonar og presentasjonar frå alle miljøa på NMH, og med gjestar utanfra. Det blir pausar på ca. eit kvarter mellom dei ulike innslaga.

Forskingssenter: NordArt

Sjå prosjektsida til Virvelrommet. Der finn du meir informasjon om prosjektet, samt bilete og video frå tidlegare Virvelrom.

Kva er Virvelrommet?

  • Ein open scene, med lavterskel-booking av musikkinnslag frå studentar i kombinasjon med levande FoU/KU-deling frå tilsette og stipendiatar
  • Ein salong for deling, debatt og diskusjon om kunst og kunnskap, med deltakarar i ulik bakgrunn, alder og ståstad, inkludert gjester utanfrå
  • Ein installasjons- og delingsarena der ein kan vise fram arbeidet sitt i dei formata som passer: video på storskjerm, små videoskjermar med headset, lese- eller lyttestasjonar.

Virvelrommet er som idé ein arv frå KU-prosjektet (u)Romantisk

Kontakt

Dersom du er interessert i å spele, vise fram eit arbeid eller diskutere noko av det du for tida er opptatt av – ta kontakt med virvelrom@nmh.no.

Virvelrommet er eit av prosjekta som har fått strategiske middel i 2025.

Publisert: 20. jan. 2026 — Oppdatert: 21. jan. 2026