Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Marknadsføre konserten

Du er sjølv ansvarleg for å marknadsføre konserten, og å melde konserten inn til dei kanalane Musikkhøgskolen har.

Tips til korleis du marknadsfører konserten din

Innhald

Før du kan få folk til å kome på konserten din, må du vete kva du tilbyr. Tenk gjennom korfor folk skal kome å høyre på.

  • Er det eit tema, ein raud tråd, noko aktuelt?
  • Tenk gjennom korfor du vel denne musikken.
  • Kva gjer konserten viktig?
  • Ver gjerne personleg.

I Oslo er det mange konsertar kvar dag og konkurransen er hard. Det er ofte innhaldet som gjer at folk gidd å kome – at folk blir oppmerksam på konserten. Å marknadsføre noko utan innhald er fåfengd.

Musikkhøgskolens kanalar for konserter

Konsert- og arrangementskalenderen

Ynsker du å få konserten din inn i arrangementskalenderen, må du sende informasjon til konsertinfo@nmh.no. Alle arrangement med innhald, som er i arrangementskalenderen på nett visast på TV-skjermane i 1. og 3. etasje.

Konsertbrosjyre

NMH lager ein konsertsesongbrosjyre to gongar i året, kor vi marknadsfører utvalde arrangement. For å bli vurdert må konserten din vere meldt inn før 15. november.

Nyhetsbrev

Blir sendt ut ein gong i månaden til ca. 1000 mottakarar.

Kommunikasjonsseksjonen driftar desse kanalane og plukkar ut saman med leiinga nokre få konsertar som får litt ekstra marknadsføringsstøtte eller trykka konsertprogram.

Spørsmål om konsertmarknadsføring?