Då forslag til statsbudsjett for 2023 kom torsdag 6. oktober var det alt varsla at universiteta og høgskulane ville få mindre å rutte med. Slik blei det, også for NMH, og vi står som resten av sektoren framfor ein reell stram budsjettsituasjon i 2023 og dei komande åra. Vi må allereie no begynne stramme inn for 2022 og bruke pengane godt.
Samtidig vil vi ta oss tid til å vurdere alle innstrammingar nøye, og involvere fagmiljøa i dette.
Budsjettsituasjonen vil i første omgang ikkje gå sterkt ut over arbeidet med studiedimensjonering. I løpet av neste veke vil det gå ut høyringsbrev til fagseksjonane og programutvala med framlegg som etter vårt syn gir eit godt, nøkternt grunnlag for å utvikle utdanningane våre vidare for framtida. Dei meir vidløftige visjonane og ideane om nye studieprogram m.m. må vi sjå nærmare på også i lys av innstrammingane som kjem.
Vi ser altså fram mot eit år eller fleire utan vekst, og med til dels tøffe prioriteringar. Det er frustrerande, og vi er kritiske til fleire av kutta vi har fått. Dessutan er vi på linje med dei aller fleste andre i universitets- og høgskolesektoren om at framlegget om å innføre skolepengar for studentar utanfor EØS-området, er usolidarisk og uheldig.
Noregs musikkhøgskole vil uansett halde fram med å vere ein stor, vital og kreativ musikkutdanningsinstitusjon. Her vil utvikling og skapande arbeid halde fram innanfor dei rammene vi har til ei kvar tid.
Vi har stor tru på at vi kan takle utfordringane saman.
Rektor Astrid Kvalbein
Artikkelen fortset under bildet.