Medan Trygve hadde mange å sparre med om feletekniske ting, som lærarane Andreas Bjørkås og Håkon Høgemo, og medstudentar som spelte fele og hardingfele, var realiteten ein annan for Amalie.
– Det blei mykje fele-nerding, som eg også gjerne kan vere med på. Men eg hugsar eg synest det var veldig kjekt då læraren min Hilde Fjerdingøy kom på skulen, seier ho.
– Dei andre lærarane mine måtte eg reise til, og sjølv om det var heilt fantastisk å ha Anette Torsheim i Bergen og Leif Ingvar Ranøien på Hamar, så var det veldig stas at eg fekk ha ein lærar som budde i Oslo og kunne vere her.
Før Amalie starta på studiet hadde det gått nokre trekkspelarar der med durspel som biinstrument, men dette var første gongen nokon hadde det som hovudinstrument.
Det førte til at alle dei andre studentane måtte få litt opplæring.
– Korleis skulle dei gje meg tilbakemelding på interpretasjon, anna enn å kommentere på slåtten eg spelte? Det blei litt undervising i starten, om korleis instrumentet fungerte. Men etter kvart fekk eg heilt supre tilbakemeldingar, og det verka som alle hadde lært mykje om durspel då, seier Amalie.
– Det som var litt rart, var at du ofte måtte tilpasse deg undervisinga og ikkje omvendt. Det var kanskje litt frustrerande og kunne kanskje vore betre, seier Trygve.
Amalie bekrefter, og seier at ho var litt usikker i starten. Som person er ho heller ikkje den som seier høgast ifrå om ting ikkje er heilt tilrettelagt for henne.
– Men eg blei tøffare med åra, og i tillegg blei alle rundt betre og betre til å tenkje på meg, fortel ho.
Tredjeåret tok ho også brukstrekkspel som valfag, og då blei ho inkludert i akkordeonklassa og fekk mellom anna vere med på klassekonsertane deira.
– Eg håper at det kjem fleire durspelarar etter kvart. At folk ser at det går an, seier Amalie.
Etter at Amalie var ferdig, har det vore eit par masterstudentar med durspel både som hovud- og biinstrument.
– Durspelet er vel kanskje eit av dei minst akademiserte instrumenta i folkemusikksamanheng, seier Trygve.