Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Innovasjon i samspel med tradisjonar

Vibe Agency har starta agentur på tvers av musikalske vibbar, Morten Halle prøvar å finne plass til dei som burde studere musikk, men nødvendigvis ikkje passar inn, og trioen Poing har vore opne og leikne i musikken, men er konservative. Felles for alle: Dei lyttar.

I 2018 søkte Bakfolk-programmet til Music Norway etter folk som ville jobbe med eksport av norsk jazz. Marthe Heggenhougen fekk plassen, og starta i januar 2018 Vibe Agency. Saman med Emilie Hafskjold Thoresen har no agenturet nokre av dei mest nyskapande artistane innanfor norsk musikk med i stallen.

Marthe har ein bachelor i kulturleiing frå Høgskulen i Lillehammer. Ho jobbar i dag som produsent på Cosmopolite Scene i Oslo, ved sidan av Vibe. Emilie har ein bachelor i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og kultur og leiing på BI. Ho jobbar i dag mellom anna i Ultimafestivalen og som produsent for Lyden av Musikkhøgskolen.

Gjennom Bakfolk-programmet fekk Marthe eit år gratis kontorplass, støtte til reising og rettleiing. Marthe og Emilie møttest som praktikantar på Oslo Jazzfestival og skjønte fort at dei måtte samarbeide. No har dei flytta inn i eigne kontorlokaler i Akersgata 21.

– Det er litt som å flytte heimafrå, fortel Marthe.

På den internasjonale jazzmessa Jazzahead tidlegare i 2019 var Noreg fokusland ein av dagane. Der var Vibe representert med Gard Nilssen Acoustic Unity, Susanna og Erlend Apneseth Trio. På lista deira finn vi også artistar som Sandra Kolstad og Building Instrument.

– Det at vi er eit jazzagentur, er kanskje ikkje heilt rett lenger. Eg føler eigentleg at vi knyt til oss det vi «kickar» på.

Likevel er det viktig at det er ein raud tråd gjennom det heile. Denne raude tråden treng ikkje å vere sjanger, men heller – ein «vibe». Noko som får meg til å spørre om nettopp namnet.

– Vi ville at namnet skulle vere internasjonalt, gjerne kort, gjerne gi assosiasjonar til musikk, men ikkje til ein spesifikk sjanger.

Men Emilie må innrømme at det også handlar mykje om kven som har hatt lyst å jobbe med dei.

– Det må seiast at det er ganske modig for så erfarne artistar som har vore i bransjen å satse på eit heilt nytt, ungt agentur, understrekar ho. – Det er veldig motiverande at vi blir «backa». Eg trur mange ser på oss som eit friskt tilskot. Vi er to damer under 30 i ei bransje som i stor grad er dominert av menn. Det trur eg mange har sett veldig pris på.

Eg opplever at det i dag er mykje meir dialog mellom aktørane enn før. Meir deling av kontaktar, nettverk og tips og triks. Vi jobbar jo for norsk musikk, alle saman.

Marthe Heggenhougen Vibe Agency
Marthe Heggenhougen i Vibe Agency

Marthe og Emilie understrekar at det tette samarbeidet med artistane også har vore viktig i læringsprosessen.

– Gard var den første som tok kontakt, trass i at han frå før var på eit større internasjonalt agentur, fortel Marthe. – Men i større agentur, som gjerne har fleire hundre artistar i stallen, er det lett at artistar blir nedprioritert. Vi har alltid hatt som formål at vi vil jobbe like mykje med alle som vi representerer.

Er det slik at det står folk å bankar på døra og vil inn – må de avvise nokon?

– Ja, no er det eigentleg jamnt og trutt med førespurnadar. Også internasjonale interesserte, fortel Marthe.

– Vi vil uansett ikkje ha fleire artistar enn at vi kan gi alle tett oppfølging, legg Emilie til.

Likevel fortel dei at internasjonale samarbeid, for eksempel som sokalla «subagent» for større firma, kan vere aktuelt i framtida. Emilie og Marthe vektlegg tolmod i merkevarebygginga når eg spør om vekst.

– Det har vore ekstremt viktig å vere til stades og snakke med folk. I starten var det skummelt, men etterkvart går det lettare.

Reisinga og møta har gitt konkrete resultat.

– Mellom anna har vi no landa dei første konsertane i Europa. Slikt er svært motiverande!

Hausten 2019 arrangerte Vibe, saman med plateselskapet Hubro, Label Night i fire europeiske byar. Erlend Apneseth Trio, Building Instrument, Bushman’s Revenge:

– Å samarbeide slik trur eg gjer oss sterkare, seier Marthe. – Eg opplever at det i dag er mykje meir dialog mellom aktørane enn før. Meir deling av kontaktar, nettverk og tips og triks. Vi jobbar jo for norsk musikk, alle saman.

Marthe og Emilie er opptekne av å lytte til folk som har vore i bransjen lenge:

– Men fordi noko har fungert for dei, så vil ikkje det nødvendigvis fungere for oss.

Kva er det som er annleis i dag enn tidlegare, trur de?

– Det at det er mange i dag som har utdanning innan kulturleiing, trur eg har gjort bransjen meir profesjonalisert. Vi kjem jo inn med mykje teoretisk grunnlag, medan bransjen tidlegare kanskje har bore preg av at folk har gjort ting meir frå intuisjon, trur Emilie.

Verdien av samspelet med artistane er gjennomgåande i heile samtalen med Vibe. Det er kanskje her mykje av nøkkelen til innovasjonen ligg – å lytte til erfaring, men samtidig ha eit ope blikk for kva som faktisk skjer i dag, arbeide tett med musikarane og kva idear dei har.

Dei som ikkje passar inn

– Dei mest spennande unge kunstnarane som jobbar med musikk må ha lyst å gå her. Om vi ikkje lukkast med det, så kjem det til å gå dårleg.

Morten Halle er førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole og nyleg tilsett som prorektor. Han har mellom anna vore involvert i arbeidet med den nye FRIKA-klassen. Det frie kandidatstudiet har eksistert i fleire år allereie, men det er først no at ein vil opprette ei eiga klasse.

– Grunnen til at FRIKA i si tid vart oppretta var at vi såg at det dukka opp studentar som vi synest måtte gå her, men som ikkje passa heilt inn. Det kunne for eksempel anten vere folk som spelte instrument vi ikkje hadde hovudinstrumentlærar på, ville kombinere ulike aktiviteter som komposisjon og utøving, eller at folk stilistisk sett falt utanfor eller innimellom det rammeverket vi har utdanning til.

Portrett av Viserektor og saksofonist Morten Halle

Studentane i FRIKA-klassen vil ha kunstnarisk utviklingsarbeid som ein del av hovudemnet deira i tillegg til vanlig hovudinstrumentundervisning. Det er Ivar Grydeland som er ansvarleg for emnet, og i 2019 var det ca. 25 søkjarar. Halle ser potensialet for at dette også kan vere til inspirasjon til dei andre programma:

– Det kan vere at vi om nokre år ikkje treng det programmet i det heile. I dag er normen meir enn unntaket at folk både spelar eit instrument og lagar musikk, men det er framleis slik at komposisjon er ei linje og utøving ei anna. Vi kan ofte møte folk som ikkje er spesielt god i ein enkeltting, men likevel samla sett har ei så stor kompetanse som gjer at denne personen absolutt burde studere musikk, seier Halle.

Eg assosierer til den gamle frasa «eg var litt god til alt, men ikkje veldig god til noko».

– Men det er viktig å få fram at de vi har tatt inn faktisk er veldig dyktige på sitt instrument, i tillegg til å ha ein brei kompetanse.

Vil det eigentleg vere behov for desse spesialiserte linjene?

– Ja, så absolutt. Men eg trur at dei eksisterande linjene må bli meir opne.

Den nye musikaren – og den nye læraren

– Vi har hatt ei hundreårig historie i vestleg musikk der utviklinga har gått mot stadig meir spesialisering. Vi har fått spesialiserte orkestermusikarar, spesialiserte jazzmusikarar og så vidare. Eg trur at når vi ser tilbake på dei siste 20 åra, går den utviklinga i ei anna retning igjen, meiner Halle. – Biletet av det å vere musikar vil kanskje endre seg mot korleis ein biletkunstnar for eksempel forstår seg sjølv.

Halle er oppteken av korleis denne endringa fører til at utdanningsinstitusjonane må tilpasse seg. Kandidatundersøkjinga «Spill på flere strenger» viser at dei fleste jobbar med mange ulike ting etter endt utdanning. Det gjer at ein må stille spørsmålet:

– Skal vi også begynne å ta inn folk som allereie har den breidda når dei kjem inn? Er det mogleg å gjennomføre eit utdanningsløp med god kvalitet der ein ikkje snevrar seg inn? Her er nok folk rasande ueinige her på huset, seier Halle.

Kva er det ein mistar då i so fall?

–At du ikkje rekk å øve mange nok timar på instrumentet, for eksempel.

– Dei mest spennande unge kunstnarane som jobbar med musikk må ha lyst å gå her. Om vi ikkje lukkast med det, så kjem det til å gå dårleg.

Morten Halle Saksofonist og prorektor på NMH
Portrett av Viserektor og saksofonist Morten Halle

Halle trur at fleire vil betrakte utdanningsinstitusjonen som eit akademi der ein kan kome å jobbe med å forfølge si eiga retning.

– Det er jo nesten ikkje lov å seie her på huset, men ein kan jo i dag lære enormt mykje på nettet. Det er heilt klart at den mekanismen endrar korleis ein lærer seg ting. I dag har vi i tillegg enkel tilgang til enormt mykje meir musikk enn tidlegare. Det endrar referansegrunnlaget, seier Halle: – Eg møter stadig studentar som ikkje har hørt om ting som eg reknar med alle har høyrt, samtidig som dei har ei heil verd av musikk eg ikkje har høyrt.

Den nye musikarrolla stiller også andre krav til den som skal undervise.

– Om du for eksempel spelar klassisk cello, litt fri-impro og i tillegg vil fordjupe deg i singer/songwriter-tradisjonar. Den læraren finn du ikkje. Det krev ei anna kompetanse som i større grad handlar om å reflektere saman med studenten. Men behovet for spesialkunnskap vil framleis vere der, men fagkunnskapen til lærarane kan brukast på nye måtar: Studentane kan ha utbytte av å lære heilt isolerte ting. Det er også ei ny rolle for lærarane å gå inn i, seier Halle.

– Vi må ta opp med studentane kva moglegheiter som ligg der og diskutere med dei kva retning dei vil gå i. Ein må ha ein diskusjon om kvifor dei er her i det heile tatt, meiner Halle. – Det som ein kan bruke som eit argument mot noko som Det frie kandidatstudiet, er at om du tek inn folk som allereie har bestemt seg for sitt prosjekt, kan det også vere innsnevrande. Eg skal spele tregrepslåtar, og eg vil ikkje lære meir enn det.

At ein går glipp av det ein ikkje visste at ein ville lære?

– Ja, at ein blir eksponert for noko av det ein ikkje kjende på førehand trur eg er noko av hovudfunksjonen til ein institusjon som NMH.

Ein time ut i praten vår, seier Morten:

– Men eg kan gjerne argumentere stikk i mot alt eg har sagt til no.

Konservative Poing

Poing er omtalt som dei mest innovative og opne musikarane vi har. Når ein lyttar til Poing, skulle ein kanskje tru at dei var prakteksempel på kven som passar inn i FRIKA-klassen. Men sjølv om musikken er open og leiken er Frode Haltli, Håkon Thelin og Rolf-Erik Nystrøm konservative når det gjeld fundamentet.

I 2019 hadde Poing 20-års jubileum. I 1999, gjekk Håkon og Rolf Erik i fjerde året på klassisk utøvande, medan Frode var ferdig på NMH og studerte vidare i København. Utgangspunktet for trioen var at komponisten Lars Petter Hagen ville skrive musikk for dei tre.

– Vi ynskte å bestille så mange verk av unge norske komponistar som mogleg dei første fem åra, fortel Håkon.

Rolf Erik Nystrøm, Håkon Thelin og Frode Haltli i Plong på brygge

Poing reiste på turné å spelte på klubbar rundt om i landet med 15 nye verk i bagasjen. I 2000 starta 1. mai-konsertane med Maja Ratkje, ein tradisjon dei framleis held gåande. Det same med den årlege julekonserten Pøbel-jul. Utover desse tradisjonane, jobbar Poing etter innfallsmetoden.

– Vi har aldri jobba ut i frå målsettingar og strategiar, og ting begynte fort å skli ut i alle retningar, fortel Håkon. – No spelar vi nesten meir på andre festivalar enn samtidsmusikkfestivalar. Samtidsmusikken har kanskje vokst litt frå oss med det konseptuelle. Vi har aldri brydd oss så mykje om det. Vi har kanskje ei meir musikantisk haldning til samtidsmusikken, som sikkert alltid vil ligge der som Poing sitt fundament.

Berre gjer det

Nettopp den musikantiske haldninga blir tydeleg for meg når dei fortel om konserten under Ultimafestivalen, The Ultimate American Fakebook. Når ein les programbladet til Ultima, høyrest det forholdsvist konseptuelt ut. Men:

– Vi jobbar spontant. Mange av ideane vi jobbar fram oppstår i eit veldig kort augeblikk; ‘ja, det gjer vi’, fortel Frode.

Poing var kunstnariske leiarar på Ultima i 2011, så dei kjenner festivalen frå innsida:

– Den gongen diskuterte vi at samtidsmusikk er ikkje nødvendigvis ein stil, men ei haldning, fortel Rolf-Erik. I alle høve har samtidsmusikkfestivalar eit samfunnsansvar for å skape noko som er unikt og framoverskuande – basert på ein tradisjon.

Det er ikkje nødvendigvis mest innovativt å gå inn i The Real Book sitt repertoar.

– Vi gjer noko som eigentleg er politisk ukorrekt i vår vesle del av musikklivet – vi ser på amerikansk musikk og «The Great American Fakebook».

– Poing har alltid vore eit forsøkslaboratorium. Vi har ikkje vore så opptatt av å ha ei viss retning eller estetikk. Alt er lov.

Frode Haltli Akkordeonist i Poing
Portrett av Frode Haltli

Tittelen ville trioen skulle vere open for tolking. Fakebook var blant anna ein «ulovleg» kopi av standardlåtsamlinga The Real Book. Saman med perkusjonist Marilyn Mazur, gitarist Raphael Rogiński og trompetist Eivind Lønning begeistra dei publikum på Victoria med leiken og utforskande musikk, langt utover Real Book. Amerika og jazztradisjonen er meir enn USA.

– Marilyn var i utgangspunktet skeptisk og redd for at vi skulle gjere amerikanske standardlåtar. Det er jo veldig mange europeiske jazzmusikarar som prøvar å nettopp ikkje gjere det. Vi spelar på ein måte på at det ikkje er så veldig hipt.

– Og så er det mykje i den amerikanske jazztradisjonen som er motkultur, seier Rolf-Erik.

Poing starta konserten med musikk frå Charlie Hadens Liberation Orchestra. Innom folkemusikk frå Botswana, via El Salvador.

– Men vi funderer jo eigentlig ikkje så mykje på dette på førehand, sleng Frode inn etter utgreiinga. – Dette er jo ting vi ikkje ville seie på konserten. Poing har alltid vore eit forsøkslaboratorium. Vi har ikkje vore så opptatt av å ha ei viss retning eller estetikk. Alt er lov. Ein treng ikkje å skrive ei oppgåve om alt vi gjer, seier Frode.

Klassiske musikarar?

– Kan berre gløyme å spele klassisk musikk om eg ikkje hadde studert det. Det er annleis med jazztradisjonar, det kan ein gå inn i på ein annan måte, meiner Rolf-Erik.

Sjølv om alle tre har klassisk utdanning ser dei ikkje nødvendigvis på seg sjølv som klassiske musikarar. Rolf-Erik kom inn både på jazz og klassisk, men valde det siste:

– Det er noko med det fundamentet. Det er mange som ikkje skjønar at det fundamentet ein må ha må vere ursolid. Det var faktisk John Pål Inderberg som sa det; ‘Viss det va mæ så hadde æ valgt klassisk, ja’. Alt det vi har gjort, har vi gjort i tillegg til studiet. På den skulen skal man bare fyllast og ‘pushast’ mest mulig, meiner Rolf-Erik. – Eg stod på kjølerommet på Smuget mellom sett med bandet Hot Pants klokka fire om natta og øvde etyder.

Det frie kandidatstudiet inviterer jo nettopp til ei sånn allsidigheit. Men du skal ha ei ekstrem drivkraft for å klare å stå i det løpet, meiner Frode.

– Det frie kandidatstudiet er jo verdas mest lukrative studie. Men eg tenkjer at dei fleste vil passe inn i eksisterande linjer.

– Ein artist som Björk ville passa inn der, men ikkje så mange andre, fleipar Rolf-Erik.

Alle tre har undervist på NMH i løpet av dei seinare åra og ser på seg sjølv på som ganske konservative lærarar. Dette er kanskje overraskande.

– Eg trur mange kan vere misunnelig på den fridomen vi kanskje utstrålar, og måten vi leikar på. Men vi har eigentleg god gammaldags teknikk og utdanning i bånn alle tre.

Frode påpeiker at det ikkje finst mange orkesterjobbar for ein på trekkspel, heller ikkje for saksofonistar.

– Så vi måtte jo finne på vår eigen jobb.

Håkon har i større grad valt vekk fast orkesterjobb.

– På eit tidspunkt bestemte eg meg for å takke nei. Fordi det er fast jobb. Og då forsvinn ein lett inn i den jobben. Det er gøy å spele i orkester, men ikkje kvar veke. Noko av det som stoppa meg litt var den prøvespelssituasjonen. Å spele orkesterutdrag er bra for teknikk men det gjer deg ikkje til ein musikar, og konkurransesituasjonen passar meg ikkje. Eg tenkjer at det kan vere betre å fokusere på det ein har lyst å gjere.

Dei andre linjene burde nærme seg det som er ideen bak Det frie kandidatstudiet, meiner Håkon:

– Om ein som lærar ser at denne studenten ikkje nødvendigvis kan gå rett til ein fast jobb i orkester for eksempel, må ein oppfordre dei til å oppsøke andre område der dei også kan gjere det bra. Ein har ansvar for å finne kvalitetane til studentane i dialog med dei.

Nettopp dette er også gjennomgåande i samtalen med Poing. Å samtidig «pushast» óg gjere det ein har lyst til. Når Frode tidlegare har blitt spurt om å gi karriereråd til studentar, har han ikkje synst det har vore så lett.

– Det er forferdelig vanskeleg å analysere seg fram til kva som gjer at eg har lukkast. Det er så mange forskjellige ting.

Likevel er det ein ting han tenkjer er viktig.

– Utnytt dei moglegheitene som ligg i det levande musikkmiljøet medan du går på skulen. Tenk breitt, spel med folk på tvers av sjangrane.

Rolf-Erik meiner det er viktig å oppsøke folk også i andre kunstretningar.

– Alle vi tre har jobba masse med dansarar, teater og så vidare. Ein må lage sitt eige kunstuttrykk også i den klassiske musikken.

– Eg høyrde at den største gruppa frå Musikkhøgskulen som blir frilansarar etter dei er ferdige, er klassiske strykarar. Då seier det seg nesten sjølv at ein også må førebu studentane på det, meiner Håkon.

Artikler relevante