Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Konkurranse for unge bratsjistar

Belgrade Festivals Center inviterer til den 53. internasjonale konkurransen for unge musikarar, som denne gongen er for bratsjistar. Konkurransen skjer i Beograd frå 7. til 17. desember 2026.

Konkurransen skjer i samarbeid med IN.TUNE og IN.TUNE-partnar-institusjonar.

Belgrade Festivals Center (CEBEF), kulturinstitusjonen til Beograd by, har nyleg fått hovudansvaret for å arrangere konkurransen. Målet er å styrkje den internasjonale synlegheita og det kunstnarlege nivået i konkurransen. Første og andre runde blir haldne på kunstsenteret «Guarnerius», medan RTS Music Production er samarbeidspartnar for finalerunden. RTS Symphony Orchestra er det offisielle orkesteret for konkurransen. Konkurransen ønsker talentfulle unge bratsjistar velkomne til Beograd og gi dei moglegheit til å vise engasjement og speleglede.

Informasjon

  • Alle bratsjistar som er 30 år eller yngre på den første konkurransedagen, kan delta.
  • Påmeldingsavgifta er 100 euro og du kan betale via Tickets.rs. Dersom du allereie har betalt påmeldingsavgifta, må du sende inn kvittering som dokumentasjon. Påmeldingsavgifta blir ikkje refundert om du trekkjer deg frå konkurransen.
  • Deltakarane må sjølve dekkje reise og opphald.
  • Arrangøren stiller med offisiell pianist for alle deltakarane til repertoaret i andre runde og finalerunden. Du kan òg ta med eigen pianist, men da må du sjølv dekke utgiftene til pianisten.
  • Arrangøren sørger for øvingsrom med minst to timar øvingstid kvar dag, i tillegg til prøver med pianist og orkester i samband med andre runde og finalen.
  • Påmeldinga er ope frå 20. juni til 20. september 2026.

Premiar

  • 1. plass – 10 000 euro
  • 2. plass – 5 000 euro
  • 3. plass – 3 000 euro

Det blir òg delt ut spesialprisar til den beste serbiske finalisten og for beste framføring av det obligatoriske verket.

Juryen har rett til å la vere å dele ut ein eller fleire prisar. Fleire deltakarar kan ikkje dele same pris.

Juryen består av

  • Jutta Puchhammer-Sédillot, Canada/Austerrike
  • Tomoko Akasaka, Japan/Tyskland
  • Lihay Bendayan, Israel/Sveits
  • Zoran Jakovčić, Kroatia/USA
  • Milan Milisavljević, USA
  • Nemanja Marjanović, Serbia
  • Dejan Mlađenović, Serbia

Send ei fullstendig liste over verka du har valt å framføre, slik at juryen, pianisten og orkesteret kjenner repertoaret ditt på forskot.

Du finn oversikt over repertoar og meir informasjon på nettsida til konkurransen (mtmo.rs) eller ved å kontakte arrangøren på e-post.

Artikler relevante