Coffee Schmoffee
Coffee Schmoffee er ein del av Kammermusikkveka. Konseptet er ein uformell konsertserie, der alle som vil kan vere med og melde seg på med kammergruppa si. Konsertane finn stad i kantina måndag 2.–torsdag 5. november kl. 9:00–9:30. Det blir også servering av kaffe og boller. Om du og din kammergruppe har lyst til å spele eller synge på ein av konsertane, kan de melde dykk på her innan 1. oktober.
Meld deg på Coffee Schmoffee (Google forms).
Ljøsblått
Festivalen Ljøsblått er leia av folkemusikkstudentar frå Noregs musikkhøgskole og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikkinteresserte. I år skjer festivalen på Riksscena og NMH fredag 27.–laurdag 28. november.
Kven som helst kan spele på Ljøsblått, også musikarar som ikkje er NMH-studentar. Det einaste kravet er at folkemusikk (frå kva som helst del av verda) er ein vesentleg del av uttrykket.