Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Tamburinspelmannen

Jens Linell står i en eng med armene opp. Tamburinen hans ligger ved siden av.

Gjennom lytting til dansegolvet og friimpro, kan det godt hende at Jens Linell sitt nybrottsarbeid på tamburinen kan vere starten på ein tradisjon 60-70 år fram i tid.

Jens Linell har nettopp stått opp når eg får tak i han på ei skurrete Skype-linje frå Olympia i Washington. Linell er på USA-turné med gruppa Sver, som dei siste åra fått ein stor fanskare der med sin dansbare powerfolkemusikk.

Men vanlegvis bur Jens i Oslo der han er halvvegs gjennom mastergraden sin i folkemusikk på Norges musikkhøgskole med noko så sjeldant som tamburin som hovudinstrument. På nettet kan du finne ein video av Jens der han spelar på feedback frå ein liten forsterkar ved sidan av seg. Jens lener øyret inn til tamburinen. Korleis endar du opp her?

Den uforståelege musikken

– Eg starta som mange andre trommeslagarar i ein garasje, spelte punk og Nirvana og slikt. Eg trur ikkje det er mange som tek opp trommene og tenkjer dei vil spele folkemusikk.

Linell er fødd i Ransäter i Värmland i Sverige. Og det var her, på Ransätersstamman at Jens Linell oppdaga folkemusikken. Västanå Teater, som no er flytta frå Ransäter til Sunne, blandar folkemusikk og teater.

– I starten synst eg det var ganske tamt, for å vere heilt ærleg. Men så innsåg eg at eg ikkje forstod kva som hende i musikken. Når eg for eksempel prøvde å spele med på ein pols, fekk eg det ikkje til.

Og nettopp det interesserte 17 år gamle Jens.

– Eg blir veldig interessert i musikk eg ikkje forstår.

Linell fekk seg jobb på Västanå Teater, og etter tre somrar som slagverkar der, dukka Jens djupare og djupare inn i folkemusikken og stilte seg spørsmålet; kva rolle kan trommeslagaren ha i nordisk folkemusikk?

Har tamburinspel lange tradisjonar i folkemusikken?

– Absolutt ikkje. Det å spele trommer til tradisjonsmusikk slik eg til dømes gjer med Sver starta kanskje på 60-70-talet. Det finst berre nokre få folk som prøvar å finne måtar å spele til denne musikken utan å kome frå eit rock/pop eller jazz-perspektiv.

Det første du kanskje assosierer til når du høyrer trommer og folkemusikk er kanskje norske slåttetrommetradisjonar.

– Men det er stort sett snakk om ein militærtrommetradisjon, fortel Linell. – I Sverige var det faktisk forbudt med trommer i mange situasjonar.

– Eg blir veldig interessert i musikk eg ikkje forstår.

Jens Linell Tamburinspelar og NMH-student
Nærbilde av profilen til Jens Linell mellom grener

Og om det er lite trommer og tamburin i folkemusikken, er det å gjere det solo endå sjeldnare.

– Det er ein viktig del av prosjektet at eg kan stå for den musikken, at det faktisk går an å spele solo tamburin til dans. Enn så lenge er eg ikkje heilt der endå. Eg prata ein del med trommelæraren min Helge Nordbakken om det i fjor; til ei viss grad vil det alltid vere eit kunstprosjekt når ein prøvar å gjere noko nytt. Men kanskje, når ein har halde på med det i ei 50-60 år har det kanskje blitt meir vanleg. Eller ikkje.

Det blir nesten som å skape ein ny tradisjon då?

– Ja, det kan ein seie. Men samtidig er tradisjon eit ord ein brukar når ein kan sjå tilbake på det. Eg ville ikkje sjølv sagt at eg held på å skape ein tradisjon. Det veit ein ikkje før det har gått ganske lang tid.

Det handlar meir om å møte det miljøet som allereie finst med tamburinen:

– Tradisjonsmusikken i Noreg og Sverige er jo ikkje ein museumsting, det er eit levande rørsle der folk lærer seg musikken, dansar, går på konsertar og spelmannsstemner og kappleikar. Å spele til dans er ei sosial sak – dansarane er med på å skape musikken. Ein høyrer jo dansegolvet i lag med den som spelar.

– Ein må slå seg til ro med at ein eigentleg ikkje trengs

På veg mot tamburindansemusikken, eller kva det no blir heitandes, møter Jens Linell eit hav av problemstillingar.

– All informasjonen du treng for å danse til musikken for eksempel, fins allereie i hardingfela eller munnharpa. Det einaste eg kan gjere som trommis er å forstørre element i musikken, eller legge til ein annan lyd. Alt finnast allereie i musikken. Ein må slå seg til ro med at ein eigentleg ikkje trengst.

I vår tok Jens timar med Knut Buen som meinte at tamburin-spelet hjelpte lyttaren å forstå låtane betre. Å gi lyttaren nokre haldepunkt.

– Så det er kanskje ei litt hard haldning å ha at ein ikkje trengs. Men for meg har det vore nyttig å ha det i bakhovudet, seier Linell og seier det er like interessant å oppdage kva han ikkje treng å gjere: – Kva er det minste eg kan gjere?

Noko av det mest openberre ein tenkjer, er at perkusjonsinstrument har ein funksjon kva gjeld å halde takta. Men Linell er vel så interessert i kor nære han kan ligge opp mot melodien.

– Eg prøvar å spele ei andrestemme til melodien. Eg har jobba mykje med å følge folk, noko som gjer at eg kanskje ikkje er like flink å halde takta lenger, fordi eg er meir interessert i å følge etter. Det er jo også negativt, smiler han i telefonrøret.

På Instagram kan du sjå ein video av Jens og ein amerikansk oldtime-felespelar. Den spede starten på eit mogleg nytt prosjekt. Videoen viser nettopp korleis Linell fylgjer melodien.

– Tamburinen er interessant fordi den er liten, men at ein også kan komme nære instrumentet på same måte som ei fele. Eg har ikkje ein mur av trommer framfor meg.

Linell har sjølv spelt fele også, noko som har lært han å forstå kor rytmikken ligg i låtane.

– Korleis strok og fingrar heng saman for eksempel. Omgrepet låtspel synst eg er veldig interessant. Ein delar jo låtar med eldre generasjonar, kvar gong ein gjer den blir den ny. Eg prøvar å overføre denne kjensla av å spele låtar på hardingfele til tamburin.

Har du lagt merke til kva som overlever ei slik overføring og kva som ikkje gjer det?

– Det som er enklast er jo dei rytmiske elementa. Og i og med at det er dansemusikk er rytmikken utruleg viktig. Melodiane er jo ofte ganske like. Stemmingane kan vere ulike. Det som er vanskeleg å få fram er harmonikk. Og i tillegg gir skiftet mellom oktavane på hardingfela ein dynamikk. Det blir straks meir statisk på trommene.

– Det finst også små mikrorytmiske element i hardingfela som er interessant å fange opp. Somme kallar det asymmetrisk takt.

Denne rytmikken let seg gjerne ikkje noterast like lett. Men ser du korleis ein folkedansar bevegar seg til rytmikken i spelet, er det ofte lettare å sjå.

Å sjå og lytte til dansen

– Eg har spelt lite trommer til dans, meir med fele eigentleg.

Som ein del av masterarbeidet samarbeider Jens med dansaren Silje Onstad Hålien.

– Vi har jobba ein del med korleis dansaren lyttar til spelmannen, og om det skil seg frå fele til trommer.

Saman med regissør Kai Johnsen arbeider dei no fram ei førestilling som etter planen skulle gjennomførast i slutten av juni.

– Håpet mitt er at ein kan høyre dei ulike dansetradisjonane i tamburinen. Det er ei utfordring å ta vekk så mykje og finne ei kjerne som kan overførast så folk opplever at dei kan danse til det.

Jens fortel korleis Silje har lært han å lytte til denne musikken:

– Å sjå dansen som ein del av samspelet og å interagere med henne. Vi spelar i lag. Ein ser; korleis er det du opplever dette? Ser du det som ein springar eller ein vals? Og så høyrer ein jo korleis dansaren trampar i golvet.

Det handlar om lyd og kommunikasjon

Tilbake til videoen på Youtube. For å finne ut av solospelet har Jens også gått til fri improvisasjon. Dei siste åra har «folkemusikk/impro/jazz»-krysningane kanskje vore der musikken har vore mest innovativ. Eg nevner i fleng; Frode Haltli sitt Avant Folk, trioen 1982, Erlend Apneseth Trio, Skadedyr, Helga Myhr og Hans Kjorstad. Sistnemnde har Linell spelt mykje med. Det er openbart noko felles i desse sjangrane. Jens trekk fram lyttinga igjen.

– Lydarslåttar handlar jo nettopp om å lytte. Dei blir spelt for at folk skal lytte til dei, og dei som spelar dei har ofte store variasjonar frå gong til gong. Om ein skal spele til dans har ein kanskje ikkje så mykje fri-impro. Jaja, litt improvisasjon, men kanskje ikkje 35 minutt feedback, ler han.

Jens har vore arrangør for Hagenfesten som både har fri-impro, jazz og folkemusikk på programmet.

Det er fascinerande kor naturleg desse verdene heng saman, kva er kjernen?

– Det finnast ei stor grad av nøyaktigheit i begge deler. Nøyaktig med kva lydar ein jobbar med. Eg brukar også fri-impro som ein metode. Gjennom fri improvisasjon blir du tvinga til å sjå på instrumentet du sit med på ein annan måte. Og slik finn ein utrulig mykje lyd.

I løpet av samtalen er det blitt tydeleg at Jens Linell er ein musikar som er nysgjerrig og heile tida stiller spørsmål til det han gjer. Med ei slik haldning går det kanskje for det same om det er ein tamburin eller eit orkester du har framfor deg.

– Det skal bli godt å kome heim og kome inn igjen i den verda - å dykke ned i dei spørsmåla vi har diskutert no på ein meir praktisk måte.

Artikler relevante