Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Ver oppmerksam, ver til stades og følg opp

Skyggen av to personer som lager et hjerte med hendene, foran en vegg.

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse – ein dag for å fremme auka bevisstheit om psykisk helse i heile verda.

I 2021 er tema for verdsdagen for psykisk helse «Livet under og etter pandemien: Ver oppmerksam. Ver til stades. Følg opp.»

Mange og lange månadar med sosial avstand, isolasjon og uvisse har sett spor i samfunnet. Folkehelseinstituttet si undersøking om smitteverntiltak, livskvalitet og psykisk helse frå vinteren 2020 viste at fleire har slite med einsemd og psykiske plager. Unge og aleinebuande har hatt den største psykiske belastninga – spesielt i område der tiltaka har vore mest omfattande.

– Gjer noko anna

Studentanes helse- og trivelsundersøking (SHoT) frå april i år, viste at 45 prosent av studentane har hatt alvorlege psykiske plager under pandemien. Sjølv om studentane på Musikkhøgskolen har hatt det litt betre enn gjennomsnittet for resten av landet, viste undersøkinga at 2020-2021 har vore vanskeleg.

– Musikk og det emosjonelle heng så tett saman. Om eg slit med depresjon eller sinne, kan ein høyre det når eg speler, og ofte er det den einaste måten eg får uttrykt dei kjenslene på, seier ein student. Ein annan kjem med tips frå eiget liv.

– Nokre gongar tenkjer eg at som musikar må ein fokusere på så mange ulike ting samstundes. Øving, planlegging, jobbing på ulike stadar. Kombinert med presset rundt å spele og øve kan det vere vanskeleg å koble av. Eg føler meg ofte overvelda. For meg har det vore kjempeviktig og hjelpsamt å ta fri frå øvinga og gjere noko anna. Sjølv om det berre er ei kort stund så hjelper det.

Program for NMH-veka for mental helse

Det blir studentaktivitetar nesten kvar dag i ei heil veke, frå 8.–15. oktober.

Verdsdagen blir verdsveka

Musikkhøgskolen tar SHoT-resultata på alvor, og inviterer til ei heil veke med studentaktivitetar for trivsel og mental helse.

Det blir turar, frokostseminar, yoga, samtalar og kunstverksemd – og mykje kaffi og boller. Det blir også sette opp plakatar på øveromma, der studentane kan skrive anonyme meldingar til kvarandre, enten dei ønsker å dele utfordringar eller oppmuntringar. Plakatane blir tatt ned etter omtrent ei veke og skal brukast vidare i arbeidet for studenttrivsel.

Eit lågterskel samtaletilbod vart også relansert til ut semesteret, med samtalepartnar Barbra Coco Laurré.

Kontakt for samtaletilbodet

Artikler relevante