NMH har fått inn signal om at konfliktane mellom Russland og Ukraina og mellom Israel og Palestina skapar utfordrande situasjonar. Enkelte er redde for å vise kor dei kjem frå, og ein utegåve av Do-nytt blei tatt ned før jul etter nokre reaksjonar på ordlyden.
- Kvifor blei den aktuelle utgåva fjerna, og kven bestemte kva?
- Er akademisk boikott av Israel aktuelt for NMH?
- Kva verkemiddel kan vi bruke?
Det blir innlegg frå rektor Astrid Kvalbein, direktør Kristel Skorge og Oliver Fremo Amundsen frå aksjonsgruppa for kulturell og akademisk boikott av Israel ved NMH.
I panelet: Astrid Kvalbein, Kristel Skorge, Thorvald Bugge Helle og SUT-leiar Victor Middleton (moderator).