Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Eyolf Dale går av som prorektor til hausten

Eyolf Dale foran en grønn vegg. Smiler mot kamera.

Jazz-pianist Eyolf Dale gir prorektor-stafettpinnen vidare til jazz-pianist Morten Qvenild etter litt over ein halv periode.

– Det var eit veldig vanskeleg val å ta, men av fleire grunnar måtte eg ta det, seier Eyolf Dale.

Han fortel mellom anna at det har strøymt inn med oppdrag sidan pandemien tok slutt og aktiviteten i kulturlivet tok seg opp igjen. Denne våren har han mykje konsertar, bestillingsverk til Kilden vokalensemble og samarbeid med KORK på agendaen.

– Eg måtte spørje meg sjølv: Kan eg leve med å vere litt mindre førebudd til dei kunstnarlege prosjekta mine, og litt mindre til stades i jobben min på NMH? Nei, det kan eg ikkje.

Rektoratet står i skogen en vinterdag.
Rektoratet slik det blei valt i 2021. Frå venstre: Gunnar Flagstad (viserektor for studium), Astrid Kvalbein (rektor), Eyolf Dale (prorektor) og Sidsel Karlsen (viserektor for FoU).

Det beste for begge

Han kallar valet det beste for både Musikkhøgskolen og seg sjølv. Dale er også leiar for skolen sitt 50-årsjubileum, og jobbar ut prosjektperioden i september. Så får han tilbake nokre av studentane sine, og ikkje minst – meir tid til eit travelt liv som musikar og komponist.

Har du fått nye erfaringar du kan bruke i undervisninga?

– Kanskje ei fornya tydelegheit? funderer han, og legg til at læringskurva har vore bratt sidan han begynte i prorektorjobben. – Det å tore og stå i utfordrande situasjonar, vere ærleg og kjenne etter kva som er den beste måten å sjå noko på. Det handlar mykje om å vere førebudd og ha tilstrekkeleg kunnskap, men minst like mykje om mot. Ein leiarjobb på Noregs viktigaste musikkutdanningsinstitusjon er ikkje berre utviklande og lærerik, den er eit privilegium.

Spørsmåla ein må stille

Da han stilte til val saman med Astrid Kvalbein, var hovudmotivasjonen hans å vere ein aktiv utøvar i leiargruppa. Ein som veit korleis det er å vere ute og spele.

– Ei viktig drivkraft var å stimulere til utvikling av miljøa våre og å bidra med eit blikk frå verda utanfor institusjonen, frå det frie feltet. Stille spørsmål kring det vi gjer, og om det er den beste måten å gjere det på.

Ein leiarjobb på Noregs viktigaste musikkutdanningsinstitusjon er ikkje berre utviklande og lærerik, den er eit privilegium.

Eyolf Dale Avtroppande prorektor
Eyolf Dale står smilende i mørk jakke og skjerf foran en butikk med skråtak

Den vanskelege balansen mellom tradisjon og fornying kjem også opp som tema.

– Og det er det jo ikkje noko eintydig svar på, men vi må stille spørsmåla likevel. Eg trur sjølve kjerna i framtidig musikkutdanning ligg i denne diskursen.

Dale fortel også at han var nysgjerrig på leiing og moglegheita til å utgjere ein forskjell. Han likar å vere kompromisslaus i musikken og samstundes teste ut nye vegar elles i livet.

– Eg kjem til å sakne å jobbe med leiargruppa. Vi kan diskutere så busta fyk, men vere like gode vener etterpå.

Han trur likevel det er viktig med ein karantene frå avgjerder og prosessar når ein forlet ei leiarstilling.

– Mykje av tankegodset ligg godt forma i leiinga, vi er verkeleg betre saman. Det er ei fagleg tyngde i leiargruppa som kjem Musikkhøgskolen til gode, og ein sunn kultur for meiningsbrytning. Nokon sjuande far i huset trengst ikkje, både dei og eg skal få arbeidsro etter at eg går av.

Portrett av Morten Qvenild som smiler svakt.
Morten Qvenild blir ny prorektor fra hausten 2023.

Takknemleg

Han har tydeleg tru på etterfølgjar og jazz-pianist-kollega Morten Qvenild. Har han nokre råd til neste prorektor i rekkja?

– Audmjukheit, kanskje, svarar han og tenkjer seg om. – Det høyrest ut som ein floskel, men vi er eit hus med usedvanleg mange dyktige og motiverte medarbeidarar, der jobben deira ikkje berre er ein jobb. Også er det lurt å bruke nok tid på å setje seg inn i saker, legg han til.

– Eg er utruleg takknemleg for tilliten eg har fått. Så veit eg at det eg har lært om musikkutdanning og institusjonsbygging vil komme til nytte ved seinare anledningar òg. Arbeidslivet er langt, og eg har planar om å halde fram lenge!

Artikler relevante