I staden for å kaste ein pult, stol eller sofa skal vi heretter spørre om nokre av naboane vil ha dei. Slik sparer vi miljøet og hindrar at fullt brukbare gjenstandar blir kasta på dynga.
Nabosamarbeid om gjenbruk
NMH har inngått ein avtale med Politihøgskolen, MF og STAMI om å samarbeide om å tilby kvarandre møblar og lausøyre som elles ville blitt kasta.
Avtale
I april blei naboane rundt Slemdalsvegen 11, Politihøgskolen, Menighetsfakultetet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) einige om ein rutine for ombrukssamarbeid.
- Ei gruppe på institusjonane kontaktar kvarandre når dei skal gi bort møblar og anna lausøyre. Dei legg ved ei kort beskriving og eventuelt med mål og nokre bilde.
- Dei kan sette ein frist for respons, og dersom ingen har vist interesse innan fristen går ein vidare i prosessen internt utan vidare oppfølging mot gruppa.
- Gjenstandane skal i utgangspunktet vere gratis. Overlevering skjer fortrinnsvis fysisk, og kostnadar knytt til dette må dei avtale spesielt.
- Samarbeidet er foreløpig meint som eit ombrukstiltak bland dei fire institusjonane, men andre aktørar kan melde seg på.
- Alle institusjonane bidreg til å spre informasjon om samarbeidet internt og kan sette opp samarbeidet som eit tiltak på miljørapportar.
Spørsmål?
Kontakt leiar i arbeidsgruppe Grønt NMH.