Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Studiedimensjoneringa: spennande arbeid – stramme rammer

Portretter av Astrid Kvalbein og Gunnar Flagstad

No er det straks klart for andre runde med høyring om dimensjoneringa av studia på NMH framover. Les kva rektor Astrid Kvalbein og viserektor Gunnar Flagstad tenker om inspela som har kome og rammane framover.

Høyringsbrevet, som studieutvalet tok stilling til sist veke, vil gå ut til programutvala, fagseksjonane, SUT, fagforeningane og CEMPE med frist 20. januar og alle er oppfordra til å engasjere seg.

Inviterte til å respondere vidt

Prosessen har vore spennande, fortel viserektor for utdanning, Gunnar Flagstad, og rektor Astrid Kvalbein, som vil takke for mange svar på den første høyringsrunden.

– Då inviterte vi til å respondere vidt, og fekk inn mange ulike innspel. Desse gjekk vi gjennom og systematiserte saman med studieadministrasjonen. Då dette var gjort og vi var nesten klare for neste runde, kom framlegget til statsbudsjett. Då måtte vi rekne om igjen, ettersom vi mistar dei 70 studieplassane vi fekk tildelt under pandemien.

Då vi var nesten klare for neste runde, kom framlegget til statsbudsjett. Då måtte vi rekne om igjen.

Astrid Kvalbein og Gunnar Flagstad

Materialet frå første høyringsrunde ligg ope for innsyn i kortversjon og i sakspapira til studieutvalet. Dei nye tala ligg inne i det som blir sendt ut på høyring no. Her ligg også forklaringar på korleis det er tenkt om tala i den nye planen.

Innspela frå første runde

Det kom mellom anna fleire idéar om nye vidareutdanningar (38 ulike), om nye bachelor- og masterutdanningar og innspel om endringar i studieplanar.

– Idéane til etter- og vidareutdanningar vil me sjå på utover vinteren saman med etter- og vidareutdanningsteamet i studieadministrasjonen. Nokre av dei trur vi at vi kan realisere innanfor det tilbodet vi har i dag, andre treng vi meir tid på å diskutere og eventuelt setje ut i livet, seier Astrid.

Vi kan få til meir innanfor dei rammene vi har i dag, til dømes når det gjeld ønske om større fleksibilitet og meir rom for spesialisering i løpet av studia.

Gunnar Flagstad

Kva kan vi få til innanfor rammene vi har i dag?

Framlegga til nye studieprogram blir nærmare vurdert i tida fram mot neste studiedimensjonering. Vi må også vurdere dei i lys av budsjettsituasjonen, som dessverre blir svært stram dei neste åra.

– Kort sagt: Skal vi opprette nye studium, må andre vike. Men nokre av idéane lar seg realisere i dag, for eksempel innanfor FRIKA, hevdar Gunnar. Han legg til at typen søkarar til FRIKA òg kan gi indikasjonar om kva slags innretningar vi treng meir av i framtida.

Fleksibiliteten som allereide finnst

Samtidig minner viserektoren om at vi kan få til meir innanfor dei rammene vi har i dag, til dømes når det gjeld ønske om større fleksibilitet og meir rom for spesialisering i løpet av studia.

– Her vil vi minne om at for studentar med førsteavdeling bachelor frå NMH, går det an å søke seg over på FRIKA i andre avdeling. På dette tidspunktet vil fleire ha føresetnader for å gjere eigne kunstnariske val som kan prege studieløpet vidare, enn dei har ved opptak til første avdeling. Derfor meiner vi det er ein god idé å ha fleire studieplassar i andre avdeling på FRIKA, og vi promoterer dette ekstra for eigne studentar fram mot neste opptak.

Sidan 2020 har NMH òg hatt eit tilbod om «delt hovudområde» i 2. avdeling – altså at utøvarstudentar kan kombinere hovudinstrumentundervisning og komposisjon for å få utvikle seg som både skapande og utøvande musikar.

– Også dette ser vi føre oss at fleire kan utnytte, seier Gunnar.

Då kan dei fokusere sterkare på hovudinstrument dei to første åra, og så byggje ut med pedagogisk kompetanse.

Astrid Kvalbein, om å ta PPU som valemne i 2. avdeling

Musikkpedagogikk

I høyringssvara er det også fleire som etterlyser seg ei pedagogisk utdanning med fokus på hovudinstrument og instrumentalpedagogikk.

– Dagens bachelor i musikkpedagogikk (KAMP) gir ei brei musikarutdanning i tillegg til dei pedagogiske faga, og studentane som går ut av dette studiet kan fylle ei stor vifte av oppgåver i arbeidsmarknaden. For andre studentar, som ønskjer enda meir fokus på hovudinstrument enn det dei får på KAMP, kan det vere eit godt alternativ å ta å ta bachelor i utøving med den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) som valemne i 2. avdeling. Då kan dei fokusere sterkare på hovudinstrument dei to første åra, og så byggje ut med pedagogisk kompetanse, fortel Astrid.

Eit tiltak vi vil sjå nærare på, er om vi kan opprette vidareutdanningstilbod innanfor tidleg- og samtidsmusikk som også kan gå som valemne.

Gunnar Flagstad, om samtidsmusikk og tidlegmusikkens kår på NMH

Samtids- og tidlegmusikk

Fleire høyringssvar tok opp posisjonen til samtidsmusikk innanfor utdanningane på NMH, og måtar det går an å styrkje dette fagområdet på. Både ny musikk og tidlegmusikk blir oppfatta som sårbare innanfor dei systema vi har i dag.

– Dette vil vi kome i møte på fleire måtar. Eit tiltak vi vil sjå nærare på, er om vi kan opprette vidareutdanningstilbod innanfor tidleg- og samtidsmusikk som også kan gå som valemne. Dette vil kunne kome musikarar (frilansarar) med behov for fagleg påfyll til gode, og samtidig vere nyttig for studentane innanfor ulike løp på NMH, som også får kontakt med meir erfarne musikarar. Å utvikle fleire tilbod innan etter- og vidareutdanning ligg også inne i utviklingsavtalen vår med kunnskapsdepartementet, og i prioriterte tiltak for neste år, peikar Gunnar på.

Komitear for tidleg- og samtidsmusikk er dessutan etablert eller på trappene, og det blir ein gjennomgang av valemneporteføljen for neste studieår, med tanke på å kunne utnytte den meir strategisk. Ambisjonen vår er at alle studentar skal bli eksponert for samtidsmusikk og tidlegmusikk i utøvande fag i løpet av studia på NMH, og at dei som vil gå djupare inn i desse fagområda skal få betre høve til å gjere det.

Nye studieprogram?

I høringa kom det òg framlegg til nye utdanningar på bachelor- og masternivå, frå interdisiplinære studium til lektorprogram og styrka innsats på område som studioproduksjon. Slike innspel er spennande, men reiser også mange spørsmål, seier Gunnar og Astrid.

– Å opprette nye, små utdanningar er erfaringsvis ressurskrevjande. Har vi godt nok studentgrunnlag og fagleg og administrativ berekraft til å gå i gang med dei? Kva med nasjonal og til dels internasjonal arbeidsdeling? Det finst mange slags sterke fagmiljø ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Kva kan NMH bidra med som ikkje alt finst? Kan vi samarbeide og utveksle med andre for å sikre eit heilskapleg musikkutdanningstilbod utan at alt nødvendigvis skal vere i Oslo?, spør Gunnar.

Om vi skal opprette nye tilbod innanfor dei rammene vi har, må noko anna gå ut. Og sjølv om ingen føreslår kutt innanfor sine fagområde i høyringa, må vi same kva skalere ned noko.

Astrid Kvalbein

I og med dei økonomiske prognosane framover, er den overordna utfordringa blitt endå tydelegare, held Astrid fram:

– Om vi skal opprette nye tilbod innanfor dei rammene vi har, må noko anna gå ut. Og sjølv om ingen føreslår kutt innanfor sine fagområde i høyringa, må vi same kva skalere ned noko.

Rektorane understrekar likevel at engasjementet, kreativiteten og evna til å tenkje framover som kom fram i første høyringsrunde, inspirerer.

– Musikkhøgskolen er full av folk som brenn for faget sitt, for utvikling og for musikkens plass i samfunnet. Det tar vi med oss vidare, uansett!

– Musikkhøgskolen er full av folk som brenn for faget sitt, for utvikling og for musikkens plass i samfunnet. Det tar vi med oss vidare, uansett!

Astrid og Gunnar

Artikler relevante