Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Innpassing av eksterne valemne

Har du vore på studiepoenggivande kurs, eller har emner frå tidlegare studier du ønskjer innpassa som valemne i graden din ved Musikkhøgskolen? Då er det to framgangsmåtar.

Er emnet musikkfagleg?

Slik går du fram

  1. Skriv ein kort søknad der du legg fram kva du vil ha innpassa.
  2. Legg ved karakterutskrift/kursbevis: Viss du har huka av for at Musikkhøgskolen kan få tilgang til dei eksterne resultata dine i Studentweb, treng du ikkje å legge ved karakterutskrift. NB! dette gjeld berre for norske institusjonar.
  3. Lever via e-post post@nmh.no eller lever søknaden i administrasjonen
  4. Svaret på søknaden kjem til din e-postadresse frå Musikkhøgskolen.

Er emnet ikkje musikkfagleg?

Slik går du fram

  1. Skriv ein lengre søknad der du klargjer emnet sin relevans for ditt studium.
  2. Legg ved karakterutskrift: Viss du har huka av for at Musikkhøgskolen kan få tilgang til dei eksterne resultata dine i Studentweb, treng du ikkje å legge ved karakterutskrift. NB! dette gjeld berre for norske institusjonar.
  3. Lever via e-post post@nmh.no eller lever søknaden i administrasjonen.
  4. Saksbehandlar skriv eit saksframlegg til Studieutvalet, med anbefaling til vedtak. Studieutvalget får også opprinneleg søknad og karakterutskrift.
  5. Søknaden vert behandla i Studieutvalget.
  6. Svaret på søknaden kjem til din NMH-e-postadresse. Hugs at Studieutvalget kun har møte ein gong i månaden, og at frista for levering av saksframlegg til Studieutvalget er ei veke før møte. Det kan difor verte noko lang sakshandsamingstid.

Har du noen spørsmål?