Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Innpassing av obligatoriske emne

Du kan søkje om fritak når du allereie har tatt eit tilsvarande emne ved Musikkhøgskolen eller eit annet lærested. Du bør sende søknaden din allereie ved semesterstart.

Slik gjer du det

  1. Kontroller at det emnet du har frå før er av samme omfang eller større (like mange studiepoeng) enn det obligatoriske emnet du skulle tatt ved NMH.
  2. Skriv ein kort søknad der du legg fram kva du har frå før, og kva for eit emne du søker fritak frå.
  3. Legg ved lenke til emnebeskriving.
  4. Legg ved karakterutskrift frå tidlegare studiestad: Viss du har huka av for at NMH kan få tilgang til dei eksterne resultata dine i Studentweb, treng du ikkje å legge ved karakterutskrift. NB: Dette gjeld berre for norske institusjonar.
  5. Lever via e-post post@nmh.no eller lever søknaden i administrasjonen.
  6. Svar på søknaden kjem til din e-postadresse fra NMH.

Viss du får innvilga søknad

Viss du får innvilga søknad om fritak, kan det hende at du ikkje får gjort om alt stipend til lån. Dette får du informasjon om i svarbrevet ditt.

For å unngå dette kan du melde deg opp i valemne enten her på Musikkhøgskolen eller ved annan studiestad. Dette kan du gjere når som helst i studieløpet, seinast innan fire år.

Spørsmål?

Ta kontakt viss du lurer på noko.