Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Enklare å evaluere emne

NMH har fått eit nytt digitalt emneevalueringsverktøy som er integrert i Canvas. No i mars startar vi eit pilotprosjekt med midtvegsevalueringar ved hjelp av dette verktøyet.

Systemet vil gjere det enklare og meir brukarvennleg å utføre studentevalueringar automatisk i Canvas. Dei som underviser vil også raskt og lettvint få tilgang på rapportane i Canvas.

Testar ut på 22 emne

Vi har valt ut 22 ulike emne frå studiekatalogen til NMH for å teste det ut.

Evalueringa er open frå 7. til 14. mars

Evalueringsperioden startar 7. mars og sluttar 14. mars. Studentane får e-post og beskjed i Canvas om at midtvegsevalueringane er opne.

Evalueringa er anonym. Estimert tidsbruk for studentane er tre til fem minutt.

Undervisarar får tilgang til rapportane når evalueringsperioden er over.

Kva er midtvegsevaluering?

Midtvegsevalueringa til studentane består av totalt 16 spørsmål fordelt på kategoriane: undervisning, læringsutbytte, studieinnsats, arbeidsformar, arbeidsmengd, vurderingsformar og læringsmiljø.

Spørsmåla baserer seg på dei som blir brukt i emne- og studieprogramevalueringar gjort ved NMH.

Verktøyet heiter Course Evaluations & Surveys. Dette er ei ny sektorløysning for høgskole- og universitetssektoren i Noreg.

Tilbakemelding og spørsmål

Dette er ein pilot med noko knapp tidshorisont, så vi sett pris på eventuelle tilbakemeldingar angåande spørsmålsformulering etter denne første evalueringsrunda. Neste steg i prosessen er etter kvart å opne opp for at dei som underviser kan legge til eigne spørsmål.

Ta gjerne kontakt på eval@nmh.no dersom du har spørsmål eller andre kommentarar.

Prosjektansvarlege

Artikler relevante