Fysioterapeuten leier treninga.
- Når: Kvar tysdag kl. 8.30 til 9.15
- Kor: I Bevegelsesrommet (rørslerommet).
Tanken er å klargjere kroppen, ikkje berre instrumentet eller stemma før ein startar dagens øving. Det vil vere lette oppvarmingsøvingar ein bør gjere før ein startar å øve om dagen, og enkle styrke- og tøyeøvingar ein kan gjere i pausane mellom øve-øktene. Avspaningsøvingar og korleis ein sit og står, vil også bli gjennomgått.
Du treng ikkje å kome i treningstøy, og det er lov å liste seg ut om du har undervisning som startar kl. 9.00.
Ta med eit badehandkle, laken eller liknande for å kunne dekkje matta med.