Studentlivet byr på små og store utfordringar. Iblant kan problema vakse seg store og oppta tankane så mykje at det blir vanskelig å konsentrere seg om studia.
Tilbodet frå Studentskipnaden (SiO)
Her finn du det du treng å vite om SiO sine tenester til studentar, mellom anna om bolig og treningssenter, samtalepartnarar og fastlege, barnehage, foreiningar og kantina.
SiO Rådgivning
SiO Helse
Vel SiO Helse som fastlege i studietida og få tilbakebetalt helseutgifter over 350 kronar.
SiO Helse har mellom anna legar, psykologar og tannlegar som kjenner godt til studentrelaterte utfordringar.
SiO Athletica
SiO Athletica legg forholda til rette for at du skal ha eit bra treningstilbod til ein studentvenleg pris. SiO Athleticas ønsker å gi deg eit studenttilpassa treningstilbod som gir overskudd og energi til studia.
SiO Foreiningar
I Oslo finst det over 450 studentforeiningar knytt til SiO. Det betyr at du som student i Oslo kan velje mellom 450 foreiningar å ha det gøy med – eller du kan starte din eigen studentforeining.
Det finst ei studentforening for dei fleste interessar.
SiO Bustad
SiO Bolig har nestan 9000 studentbustader i Oslo, fordelt på 24 studentbyar og – hus rundt omkring i byen. Dei har eit bredt utval bustader i ulik storleik og standard, for single, par og familiar. Felles for dei alle er lave leigeprisar.
Du kan søke studentbustad når som helst, heile året.
SiO Barnehage
Med røynsle og entusiasme skapar SiO Barnehage ein god stad å vere for barn, slik at du kan fokusere på studia. Ti barnehagar ligg alle i nærleiken av lærestader eller studentbyar og tilbyr 600 plassar til barn mellom 8 månader og 6 år.
Dei har løpande opptak.
SiO Mat og Drikke
SiO tilbyr mat og drikke til 50 000 studentar kvar dag.
Dei har et variert utval av kvardagsmat, med gode lunsj- og middagstilbod.
Personvernerklæring fra SiO
Når du har betalt semesteravgift eller fått studierett hos oss, vil SiO få tilgang til personopplysningar om deg registrert i studentregister for Noregs musikkhøgskole. Dette for at SiO skal vite at du er student, slik at du får tilgang til og informasjon om SiOs tilbod og tenester. SiO vil få oppgitt fødsels- og personnummer/D-nummer, fornamn, etternamn, lærestadskode, sist betalte semesteravgift, eventuelt fritatt semesteravgift, e-post og mobilnummer.
Tilgangen gjeld også for underleverandørar som SiO har datahandsamavtale med. Dette er naudsynt for at SiO skal kunne levere tenestane sine til studentane.
Grunnlaget for utleveringa er personvernforordningas (GDPR) artikkel 6. nr 1 c (rettslige forpliktingar) og Lov om studentsamskipnader (studentsamskipnadsloven) §§ 4 og 5.