For å sikre og utvikle kvaliteten på utdanningsverksemda gjennomfører Norges musikkhøgskole (NMH) eit kontinuerleg tilsyn med sentrale områder av utdanninga og forhold som påverkar den. Dette gjerast gjennom NMH sitt kvalitetssystem.
1. Rekruttering, opptak og oppstart
NMH evaluerer jamleg søkartal, søknadsprosedyrar og opptaksprøvar.
NMH har som mål å utdanne profesjonelle kandidatatar på eit høgt nivå i eit bredt spekter av fagområda til musikken. For å kunne gjere dette må NMH tiltrekke seg dei beste studentane og ha eit godt søkartilfang innan alle instrument og studieprogram representert ved høgskulen. Opptak til dei fleste studia skjer gjennom opptaksprøver. Prøvene må vere relevante, og eigna til å velje ut dei som er best kvalifisert til eit studium ved NMH.