Ljøsblått er den årlege folkemusikkfestivalen ved Noregs musikkhøgskole. Den blir arrangert av folkemusikkstudentane på skolen og er gratis for alle studentar.
Ljøsblått 2025 blir torsdag 27. november og fredag 28. november på Riksscenen i Oslo. Det er nytt i år at festivalen arrangerast på Riksscenen, og dette gir alle som søker ei stor moglegheit til å syne seg fram på ein av dei fremste folkemusikkscenane i landet. I tillegg blir det andre aktivitetar rundt om i byen. Velkomne til musikk, dans, jam og fest!
Kriterium for å spele
Alle musikarar og besetningar er velkomne, men folkemusikk må vere ein vesentleg del av det musikalske uttrykket.
Det treng ikkje vere folkemusikk frå Noreg. All folkemusikk frå heile verda er velkomen!
Festivalen er i hovudsak for studentar. Det er ikkje noko problem å inkludere eksterne utøvarar, men merk at Ljøsblått 2025 diverre ikkje kan betale honorar.
Søknad
Søknad sendast til ljosblatt@nmh.no og må inkludere:
- Bandnamn
- Besetning (namn, alder, instrument, student/ikkje student)
- Kort biografi av artist/band
- Lenke(r) til musikk, gjerne video
- Teknisk rider
- Presiser om du/de vil spele konsert eller dansespel
- Kort pressetekst
- Eit pressebilete
Påmeldingsfrist er 12. september 2025.