Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Sterk hjerne i ein aktiv kropp

Hjelle som står på en scene og peker mot lysbildefremvisningen bak seg. Den viser en hjerne.
Ole Petter Hjelle som held foredrag i forbindelse med Karrieredagen 2021. Foto: Malin Longva

Vil du vite korleis du kan få meir utbytte av øving, nedkjempe nervøsitet og yte betre på scena? Då Ole Petter Hjelle besøkte NMH under Karrieredagen forklarte han kvifor fysisk aktivitet er det beste vi kan gjere for hjernen vår.

– Sjå for deg at du kunne ta ei pille som heilt utan biverknadar reduserte risikoen for diabetes, hjarteinfarkt, kreft, depresjon og demens. Den kunne gi deg eit lengre liv, betre hukommelse og auka stressmestring, kreativitet og konsentrasjon. Om denne pilla hadde vore på marknaden, hadde du ikkje tatt den?

Slik starta Ole Petter Hjelle foredraget sitt under Karrieredagen 2021. Og vedundermedisinen finnast, berre ikkje i pilleform. Heile kroppen vår har som kjent godt av fysisk aktivitet, men hjernen er det organet som vert mest positivt påverka. Hjernen vår treng faktisk fysisk aktivitet for å fungere optimalt. Heldigvis er verdas beste medisin både gratis og reseptfri, men så var det denne velkjente dørstokkmila då. 

Hjernen vår er laga for å vere fysisk når den må og lat når den kan.

Ole Petter Hjelle Karrieredagen 2021

Urmennesket      

Hjelle tek oss med på ei spennande reise tilbake i tid for å forklare korleis vi menneskjer er skrudd saman og kvifor det er så grunnleggande at vi rører på oss. Hjernen vår er nemleg ikkje nemneverdig oppdatert sidan vi var jegerar og dette pregar hjernefunksjonen vår i alle ledd. I følge hjerneforskaren er den menneskelege biologien på kollisjonskurs med samfunnet vi har skapt. For medan samfunnet vårt har endra seg i rekordfart, har ikkje evolusjonen greidd å halde tritt. Vi er ikkje laga for å leve i eit samfunn med fri tilgang på mat, utan nemneverdig behov for rørsle i kvardagen. Ikkje endå i alle fall. Dette er hovudgrunnen til at vi får såkalla mismatch-sjukdomar som diabetes, hjarte- og karsjukdomar og muskel- og skjelettplager. 

Den viktigaste oppgåva til hjernen er å halde oss i live lenge nok til at vi rekk å reprodusere oss. Hjernen lønnar difor aktivitetar som sex, trening og inntak av søppelmat. Sex fordi det er direkte knytt til reproduksjon, fysisk aktivitet fordi jegeren i oss treng å vere i form for å fange byttet sitt, og eit høgt kaloriinntak fordi hjernen endå ikkje har blitt omprogrammert til å fortelle oss at all sjokoladen vi kosar oss med i sofakroken ikkje lenger er eit fortrinn når det kjem til overleving.

– Hjernen vår er laga for å vere fysisk når den må og lat når den kan, seier Hjelle.

Problemet er at det moderne mennesket utan problem kan vere lat tjuefire timar i døgnet. 

Læring og prestasjon

Så trening er bra for oss og inaktivitet kombinert med mykje sjokolade er uheldig – trass i at hjernen vår prøver å fortelje oss at det er bra. Dette er ikkje noko nytt. Men la oss sjå litt på kvifor fysisk aktivitet er særskilt hensiktsmessig for dei av oss som driv med musikk og læring. Når vi er i bevegelse og får opp pulsen, styrkar vi så godt som alle funksjonar og områder i hjernen. Vi får betre konsentrasjon, merksemd, stressmestring, hukommelse, evne til å planlegge og gjennomføre oppgåver, og vi blir meir kreative. Fysisk aktivitet styrker også hukommelsessenteret i hjernen som får oss til å lære ting raskare. Så kva skjer med prestasjonsevna vår når vi er i rørsle i forkant av øving? Forsking viser at så lite som fem minutt med fysisk aktivitet i forkant av øving gjer at ein hugsar det ein øver på betre. Og så er det rom for å auke effekten dersom ein beveger seg endå meir. 

Fysisk aktivitet i forkant av ein konsert kan også bidra til at vi presterer betre. Både kognitive og motoriske ferdigheter vert styrka når ein er i aktivitet, og dette kjem godt med når ein skal framføre noko. I tillegg vil fysisk aktivitet auke blodsirkulasjonen til hjernen og utløyse dopamin, og det gjer at vi blir mindre nervøse. På toppen av det heile viser forsking at fysisk aktivitet kan doble overføringshastigheten av både kunnskap og muskelminne frå korttids- til langtidshukommelsen. Dette vil seie at dersom du trenar innan ein time etter øving, vil du kunne få opptil dobbelt så godt utbytte av øvinga. 

Heldigvis kan ein overvinne den late hjernen. Og dersom ein greier å lage ein ny vane så er mykje gjort

Ole Petter Hjelle Karrieredagen 2021

Overvinn den late hjernen

Når vi sit på kunnskap om alle dei fantastiske fordelane ved fysisk aktivitet er det eigentleg rart at vi ikkje er gymrotter heile gjengen. Men så var det dette med den late hjernen då. Det er rett og slett ekstremt menneskeleg å ikkje komme seg ut av døra med joggeskorne på.

Heldigvis kan ein overvinne den late hjernen. Og dersom ein greier å lage ein ny vane så er mykje gjort, seier Hjelle

Tipset frå hjerneforskaren er å finne ein aktivitet du trivast med, gjere den saman med andre slik at det ikkje blir så lett å avlyse, og gjere det lenge nok til at det blir like naturleg som å pusse tenner. Då er du over kneika og kan nyte godt av fordelar som mindre øving, mindre nervøsitet, mindre risiko for sjukdomar og ein deilig dopaminfest som får deg i godt humør. 

Lukke til! 

Artikler relevante