Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Slutte på studiet

Er du i tvil om du vil fortsetje på studiet ditt, eller har du bestemt deg for å slutte? Her finn du alternativ, valmogelegheiter og skjema for å melde inn at du sluttar.

Er du i tvil?

Å avslutte studiet fullstendig er ikkje det einaste alternativet du har. Det kan vere lurt å tenkje nøye igjennom valet ditt og sjå på andre mogelegheiter før du tek ei endeleg avgjerd.

Om du har bestemt deg for å avslutte studiet

Fyll ut skjema

Du vil ikkje få stadfesting på at studiet er avslutta eller ei karakterutskrift tilsendt. Hugs at du må søke på nytt om du ynsker å starte på eit studium seinare.

Karakterutskrift

Du kan finne karakterutskrifta under «Bestillinger» på Studentweb eller på vitnemålsportalen. Studentkontoen din blir stengt frå sluttdato for studiet.

Om du avsluttar studiet vil det ikkje påverke framtidige søknadar til høgare utdanning.

Lurer du på noko?

Ta kontakt om du har spørsmål.