Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Undervisning

Undervisninga består av individuell undervisning, rettleiing, orkester-, kor- og ensembleprosjekt og undervisningspraksis.

I tillegg til førelesingar og anna gruppeundervisning består timeplanen ved Musikkhøgskolen også av andre komponentar.

Individuell undervisning

Tid for individuell undervisning (hovudinstrument, akkompagnement med meir) og kammermusikk må du sjølv avtale med lærar.

Prosjektveker

Parallelt med orkesterprosjekta vil det bli organisert kurs og prosjekt for dei studentane som ikkje skal spele i orkester.

Du må ikkje planleggje aktivitetar utanom Musikkhøgskolen i prosjektvekene.

Undervisningspraksis

Alle studentar på bachelor i musikkpedagogikk og praktisk-pedagogisk utdanning har undervisningspraksis som del av sitt studium. Praksis blir organisert i Musikkhøgskolens øvingsskule, kulturskular, vidaregåande skule, grunnskule og i fritidsmusikklivet.

Lurer du på noko?