Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Meld deg på Holmenkoll-stafetten

Løpere på NMHs stafettlag poserer foran Chateau Neuf.
NMH-løparar 2024.

Stafetten i år er laurdag 10. mai. Meld deg på no, så NMH kan stille med to lag.

Holmenkollstafetten er eit av Noregs største friidrettsarrangement og blir omtalt som vårens vakraste eventyr.

Vi håper å fylle plassane med løpeglade studentar og tilsette, uansett ferdigheits- og ambisjonsnivå. Påmeldingsfristen er onsdag etter påske – 23. april, men meld deg på allereie no!

Gratis

Arbeidsmiljøutvalget (AMU) sponsar påmeldingsavgifta. I tillegg får du din heilt eigne NMH-løpetrøye, med påskrift frå den nye strategien: NMH musikk beveger.

To lag

Vi satsar på to lag. Det eine laget er litt meir konkurranseorientert, mens det andre laget løper for kosens skuld. Du vurderer eigen kondis og spesifiserer sjølv kva som passar deg best i påmeldingsskjemaet.

Nøyaktige tider for oppmøte, program, og så vidare kjem etter kvart.

Artikler relevante