Gå til hovedinnhold
For studenter Søk

Tilgangskort og studentkort

Studentkortet er tilgangskortet ditt til bygga, romma og fasilitetane på Musikkhøgskolen. Her kan du også lesa om låserutinar.

Korleis få eit kort

Du brukar kortet ditt også som lånekort på biblioteket og til printing, kopiering og skanning.

For å få tilgangskort/studentkort må du først betale semesteravgift og semesterregistrere deg.

Nytt bilde

Du kan ta eit nytt bilde med kortautomaten.

Automaten ligg i første etasje, rett fram når du kjem inn hovudinngangen, forbi toaletta og gjennom dei to første dørane. Spør i resepsjonen om du ikkje finn fram.

Følg rettleiinga på skjermen på automaten. Kortet kan du hente i resepsjonen seinare på dagen eller dagen etter.

Nytt kort?

Har du mista eller øydelagt kortet? Eller har du spørsmål?

Ta kontakt med resepsjonen i første etasje for hjelp.

Låst inne på NMH?

Viss du er låst inne etter opningstid, kan du finne nummeret til vakttelefonen på hovudinngangsdøra. Nedanfor kan du lese låserutinen ved stenging på NMH.

Hugs å sjekke opningstider på nettsidene, dei kan avvike i feriar og raude dagar.