For å sikre og utvikle kvaliteten på utdanningsverksemda gjennomfører Norges musikkhøgskole (NMH) eit kontinuerleg tilsyn med sentrale områder av utdanninga og forhold som påverkar den. Dette gjerast gjennom NMH sitt kvalitetssystem.
1. Søkartal og opptak
NMH evaluerer jamleg søkjartal, søknadsprosedyrar og opptaksprøvar.
NMH har som mål å tiltrekkje seg dei beste studentane og ha eit godt søkjartilfang innan alle instrument og studieprogram representert ved høgskulen. Opptak til dei fleste studiane skjer gjennom opptaksprøvar. Prøvane må vere relevante, og eigna til å velje ut dei som er best kvalifisert til eit studium ved NMH.